Aktiebolaget Volvo
(Omdirigert frå Volvo)
- Denne artikkelen handlar om Aktiebolaget Volvo. For personbilprodusenten Volvo, sjå Volvo Personvagnar.
Volvo | |
![]() | |
Selskapsform | aktiebolag ![]() |
---|---|
Skipa | 1927 |
Dotterselskap | Volvo Bussar, Volvo Lastvagnar, Volvo (United States), Volvo (Canada), Volvo (Germany), Volvo Powertrain, Volvo Construction Equipment, Volvo Penta ![]() |
Bransje | bilindustri |
Produkt | lastebil, buss, anleggsmaskin ![]() |
Hovudkontor | Göteborg ![]() |
Styreleiar | Carl-Henric Svanberg |
Tilsette | 94 914 (2016)[1] |
Nettstad | https://www.volvogroup.com/ |
Aktiebolaget Volvo (òg kjent som Volvokonsernet og Volvo Group) er ein svenskeigd produsent av nyttekøyretøy, anleggsmaskinar, dieselmotorar og delar til jetmotorar. Føretaket har rundt 115 000 tilsette, ved fabrikkar i 19 land. Produkta vert selde i rundt 180 land. Føretaket produserte tidlegare personbilar, men Volvo Personvagnar er no eigd av det kinesiske føretaket Zhejiang Geely Holding Group. Den fyrste Volvo-bilen, kalla ÖV4, vart ferdig laga den 14. april 1927 i Göteborg.[2]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ http://www.volvogroup.com/content/dam/volvo/volvo-group/markets/global/en-en/investors/reports-and-presentations/annual-reports/annual-and-sustainability-report-2016.pdf.
- ↑ «Vår arv», Volvo Cars (på norsk), henta 13. oktober 2022