Institusjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ein institusjon er ein sosial arena der aktørar samhandlar. Aktørane kan ofte spele ulike roller i samsvar med formelle eller uformelle reglar. Institusjonane er såleis normfaste og vedvarande; ein kan forventa seg same åtferda frå dei, uavhengig av kven som er aktørar, og institusjonar held fram som før, endå om aktørane jamt vert bytte ut. Døme på institusjonar er familien, der ein har rollene som forelder og barn, og skulen, der ein til dømes har rollene elev og lærar. Institusjonar utgjer ein viktig del av samfunnsvitskapelege studiar, som sosiologi, statsvitskap og økonomi, då ein reknar dei som ein grunnleggjande del av samfunnet. Ein vanleg definisjon av samfunnet er difor at det er eit sett av ulike institusjonar.

I kvardagstala snakkar ein helst om institusjonar i samband med organisasjonar og offentlege anstaltar.