International Federation of the Phonographic Industry

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

International Federation of the Phonographic Industry (IFPI) er ein global organisasjon som representerer platebransjen. IFPI vart stifta i 1933 i Italia. I dag er IFPI registrert i Sveits og har hovudkontoret sitt i London.

Organisasjon[endre | endre wikiteksten]

IFPI representerer i dag 1450 plateselskap i 75 land, internasjonalt, regionalt og nasjonalt. Hovudkontoret, som ligg i London, koordinerer organisasjonen og arbeider internasjonalt innan område som juss, framføringsrettar og teknologi.

På eit regionalt plan er IFPI delt i tre organisasjonar som kvar representerer platebransjen i Asia, Europa og Latin-Amerika. Føderasjonen består òg av 32 nasjonale organisasjonar som representerer og arbeider for IFPI sine medlemmer på eit nasjonalt nivå. Organisasjonen samarbeider med ei rekkje andre organisasjonar i til saman 48 land, mellom anna RIAA.

Tenester[endre | endre wikiteksten]

IFPI tilbyr fleire tenester for medlemmane sine.

  • IFPI arbeider for å innføre og utvide opphavsretts- / copyright-lovgjevingar, både når det gjeld fysisk- og nettdistribusjon.
  • Lobbying overfor lovgjevande forsamlingar, statlege regjeringar og internasjonale organisasjonar.
  • Koordinering av eit internasjonalt arbeid mot piratkopiering.
  • Markedsundersøkingar av platemarknaden og piratmarknaden.
  • Informasjon og samfunnskontakt gjennom kampanjar og events.
  • Utvikling av teknologiske metodar for å verne opphavsrett.
  • Ressursar innan juss, handel og teknologi.
  • Informasjon og nyhende.

IFPI Norge[endre | endre wikiteksten]

I Noreg vart IFPI Norge stifta i 1939 som ein interesseorganisasjon for norske fonogramprodusentar. IFPI Norge representerer plateselskap som står for rundt 90 % av norsk platesal. Samskipnaden samarbeider med FONO, interesseorganisasjonen for uavhengige norske plateselskap. Saman deler dei to organisasjonane ut Spellemannprisen og tildeler salstrofé i musikkbransjen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]