Internett-protokollfamilien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Internett-protokollfamilien er samlinga av protokollar som nyttast på nettverk av datamaskinar for at dei ulike nodene skal kunne kommunisere. Samlinga av protokollar omtalast ofte som «TCP/IP» sidan TCP og IP er dei vikigaste protokollane. På engelsk kallast samlinga for «Internet Protocol Suite».

Protokollane har røter attende til 1960-talet og «Arpanet» som var eit forskningsnett sponsa av forsvarsdepartementet i USA. Arbeidet med «Arpanet» gav grunnlaget for Internett som er det mest kjende av nettverka som nyttar desse protokollane.

Arbeidet med standardisering av protokollane blir gjort av IETF og offentleggjort i dokument kalla Requst For Comments eller i kortform RFC.