User Datagram Protocol

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

User Datagram Protocol (UDP) er ein enkel transportlagsprotokoll i Internett-protokollfamilien. UDP er koplingslaus, pakkeorientert og upåliteleg. Desse eigenskapane gjer at for kvar sendeoperasjon gjort av ein prosess så blir nøyaktig ei IP-pakke send. UDP sender pakkar vidare ned til IP-laget, men det er ingen garanti for at dei kjem fram til den andre enden. Ein påliteleg transportlagsprotokoll som TCP har større protokollhovud, krev ofte at eit samband blir sett opp før overføringa kan starte og er meir utsett for ukontrollerte forseinkingar. Dette er eigenskapar som er uønskte for til dømes dataspel eller video og lyd i sanntid. Difor blir UDP brukt mykje til slike ting. I tillegg blir UDP brukt til mellom anna DNS og NTP.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • RFC768 Spesifikasjonen av UDP som vart publisert i 1980