Internettkjendis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Internettkjendis er ein kjendis som har oppnådd eller utvikla kjennskap ved hjelp av internett. Framveksten av sosiale media har hjelpt folk til å auka rekkevidda si til eit globalt eller nasjonalt publikum, og folk som er kjende via sosiale media blir ofte kalla påverkarar eller influensarar. Internettkjendisar kan bli rekrutterte av verksemder til markndsføring av produkt til tilhengjarane og følgarane sin på dei sosiale plattformene sine. Mange internettkjendisar kan fungerera som livsstilsguruar som fremjar ein bestemt livsstil eller haldning. I denne rolla kan dei vera viktige pådrivarar for trendar på felt som mote, teknologi, dataspel, politikk og underhaldning. Nokre av dei mest brukte sosiale plattformene er YouTube, Instagram og TikTok.[1][2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Geyser, Werner (19. mai 2019). «Top Influencer Marketing Platforms to Boost your Campaigns (2021)». Influencer Marketing Hub (på engelsk). Henta 4. september 2021. 
  2. «Most used social media 2021». Statista (på engelsk). Henta 4. september 2021.