Inuittisk mytologi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ei legendarisk kjempe som truar menneska
Figur av ein angakkuq, ein inuittisk sjaman.

Inuittisk mytologi tolkar livet til inuittane i relasjon til havet, kulda, dyra, samfunnet og skjebnemaktene. Dei sentrale overnaturlege maktene er Månemannen og Havkvinna, som kontrollerer kaoskreftene havet og vêret, og som også kontrollerte fruktbarheit og jaktlykke. Det er òg ei sjamanistisk religionsform, styrt av angakkoqen. Songfesten er ei sentral kultisk samværsform.

Verdsbilde[endre | endre wikiteksten]

Det finst inga universell skapingsforteljing blant inuittane. Verda har tilsynelatande alltid vore til, sjølv om det i nokre forteljingar blir vist til eit før og eit no, og det finst forteljingar om korleis dei fyrste menneska blei til. Endringane kjem frå menneska sjølv, ikkje gudane. I forteljinga «Den gong for lenge, lenge sidan, då menneska blei til», er det ei gammal kone som seier at «me vil ha både lys og død», og med det blir det slik.[1]

Verdsbildet i mytane deler verda i to delar: Bustaden og dei kjente omgjevnadane rundt han, og alt det andre, «det som ligg utanfor og bortanfor».[2] Det er sagt om religionen til inuittane at «me trur ikkje, me fryktar», og eit sentralt tema i myteverda er oppretthalding av balansen, kontroll over tabuhandlingar og angakkoqen og folket sine teknikkar for å blidgjera dei to mytiske figurane som kontrollerer kaoskreftene: Månemannen og Havkvinna.[3]

Det finst ikkje noko helvete i grønlandsk mytologi. I staden finst det to dødsrike der det er godt å vera, himmelen og underverda djupt under havet. Aller best er det nok å komma til underverda, der ein finn alle sjødyra. I himmelen må ein nøya seg med å eta bær og ramnar.[4]

Livskrafta inua[endre | endre wikiteksten]

Inuittane trur at alt, både levande menneske og dyr (som begge har sjel - tarneq) og døde ting, er fylt med «ånd» eller «livskraft». Denne blir kalla inua. Denne livskrafta er med på å forsterka fellesskapet mellom menneske, dyr og ting.[2]

Alt grip inn i kvarandre i eit evig vekselspel. Slik held verda seg i likevekt. Inuittane har eit eige omgrep for denne likevekta - silap ingerlasia, eller balansegangen i verda.[4]

Månemannen og Havkvinna[endre | endre wikiteksten]

Dei viktigaste inua-kreftene er personifiserte i Månemannen og Havkvinna. Desse to er det næraste ein kjem til gudar i førestillingsverda til inuittane. Begge var opphavleg menneske, men spesielle omstende i urtida gjorde at dei blei til måne og hav.[2]

Månemannen tar seg av fruktbarheita til dyr og menneske Han skaper og styrer flo og fjære og torevêr. Om inuittane ikkje følgjer dei fastsette tabureglane for fangst, reagerer Månemannen med å halda fangstdyra tilbake. Månemannen er òg kjend som ein dyktig jeger sjølv, og mange legender fortel om fangstmenn som har møtt han, slost med han og/eller har drepe hunden hans, og er blitt inviterte heim til han. Fordi han styrer fruktbarheiten i naturen, er det òg vanleg at barnlause par vender seg til han med bønn om hjelp.

Mytane om Havkvinna fortel at ho ein gong var ei vanleg inuittisk jente som anten blei utstøytt frå familien sin på grunn av ulydnad, blei ofra til havet for å stilna uvêr, eller blei røva. Gjennom forvandlingar som sjeldan blir gjorde heilt ut reie for, blei ho forvandla til herskarinna over havet. Ho er den som vernar alt levande i havet, og set reglar for fangsten til inuittane.

Dersom fangstmennene bryt tabua fastsette av Havkvinna eller Månemannen, blir ho eller han rasande, og held fangstdyra unna jegerane. Då må angakkoqen gå i ein transe og leggja ut på ei magisk reise for å gjera gode att tabubrota og retta opp igjen balansen i verdsordenen.

Angakkoqen[endre | endre wikiteksten]

Sjamanen, som inuittane kalla angakkoq (fleirtal angakkut) var ein sentral person i det gamle samfunnet. Han var bindeledd mellom menneska og maktene, og det var oppgåva hans å regulera forholdet mellom dei og retta opp igjen balansen etter eit tabubrot, sjå skjulte ting, hjelpa dei sjuke og kjempa mot vondsinna magi.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Knud Rasmussen Myter og sagn 3; også i antologien Inuit.
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Kjelde for sitat og vurderingar er Tor Åge Bringsværd si innleiing til Inuit, 2006. Nettutgåve av forordet her Arkivert 2022-11-01 ved Wayback Machine..
  3. Setningen «Vi tror ikke, vi frykter» er ofte sitert, og er henta frå Knud Rasmussen sine samtaler med angakkoqen Aua frå Iglulikfolket i Canada. Ei lenger utgåve av sitatet er «Vi frygter! Vi frygter for jordens vejr, som vi skal kæmpe med for at vriste føden ud af land og hav. Vi frygter nød og sult i de kolde snehytter. Vi frygter den sygdom, som vi dagligt oplever rundt omkring os. Ikke døden, men lidelsen. Vi frygter døde menneskers og dræbte fangstdyrs sjæle. Vi frygter jordens og luftens ånder. Derfor har vore fædre væbnet sig med alle de gamle leveregler, som er bygget på slægters erfaring og livsvisdom. Vi ved ikke hvorledes, vi aner ikke hvorfor, men vi følger dem for at få lov til at leve sorgløst. Og så uvidende er vi, trods alle åndemanere, at vi frygter alt det, vi ikke kender. Derfor har vi vore skikke, og derfor overholder vi vores tabu»; hentet herfra
  4. 4,0 4,1 Utdrag fra intervju med Tor Åge Bringsværd.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Inuit, myter og sagn fra Grønland. Utvalg, kommentarer og innledende essay av Tor Åge Bringsværd ; oversatt av Tor Åge Bringsværd, Else Færden og Arne Ruste. Bokklubben, 2006. LV, 299 s. (Verdens hellige skrifter; 37). ISBN 978-82-525-6098-5; ISBN 82-525-6098-9
  • Hinrich Rink (1871). Eskimoiske eventyr og sagn, oversatte efter de indfødte fortælleres opskrifter og meddelelser. København: C.A. Reitzel. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Inuittisk mytologi