Inuittar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Inuittfamilie fotografert i 1928.
Foto: Edward S. Curtis

Inuittar (inuktitut ᐃᓄᐃᑦ) er ei samlenemning for arktiske urfolk frå Alaska, Grønland, dei kanadiske områda Nordvestterritoria, Nunavut, Quebec og den nordlege Labradorøya og Den store Diomedeøya i Russland. Inuittar har tradisjonelt hatt ein svært lik kultur over heile dette området, både når det gjeld levevis, klede og språk. Inuittar blir ofte også omtala som «eskimoar», eit omgrep laga av utanforståande som blir mislikt av .

Kultur[endre | endre wikiteksten]

To kvinner i tradisjonelle inuittklede. Anorakken til venstre er laga av sel, den til høgre av reinsdyr (karibu, iglulik)
Foto: Ansgar Walk, 1999

Språk[endre | endre wikiteksten]

Inuittar talar tradisjonelt inuittiske språk, der dei største er inuktitut i Canada og grønlandsk (kalaallisut) på Grønland. Desse to språka ligg nært kvarandre geografiske, og er nærare i slekt med kvarandre enn dei fleste andre inuittspråka. Inuit tyder 'folk' på begge språka. Andre inuittspråk har kognatar (liknande ord med same tyding), som inughuit på nordgrønlansk (inuktun) og iivit på austgrønlandsk (tunumiit oraasiat).

I dag snakkar dei fleste inuittar også majoritetsspråket i det landet dei bur i: Dansk på Grønland, engelsk og eventuelt fransk i Canada og russisk og evenutelt litt engelsk i Russland.

Levevis[endre | endre wikiteksten]

Tradisjonelt har inuittar overlevd ved å utnytta dei naturressursane dei har hatt: Dyr, fisk, stein, noko trevirke, snø/is. Bein og skinn har vore brukt til å laga klede, våpen, båtar, sleder, telt, verktøy, kunst og handverk. Snø blei brukt til å laga igloar, vinterbustader for ein del nordlege inuittar, og elles til å isolera bustader. Stein som kleberstein blei brukt til å laga verktøy og skulpturar.

Inuittar fann opp kajakken (inuktitut qajaq), eit lite, lettflytande og svært manøvrerbart fartøy som ein sitjande enkeltperson kan venda rett veg sjølv om han velter. Kajakkar blei typisk brukte til jakt. Ein større type båt, umiaq ('kvinnebåt') på 6-12 meter, blei brukt til å transportera folk, hundar og varer. Til transport på land brukte ein hundeslede trekt av eit hundekobbel av huskyar. Mange av desse skikkane er framleis i bruk, sjølv om ein også bruker motoriserte fartøy.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne kulturartikkelen som har med samfunn å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.