Io

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Io (fleirtyding).
Io, omfamna av Zevs i skyform. Av Correggio, 1531 eller -32.

Io er ei av elskarinnene til Zevs i den greske myteverda. Ulike kjelder gjev henne ulike opphav; det er vanleg å seia at ho var dotter til Inakhos, elveguden som grunnla Argos, og dermed ei elvenymfe.

Alt gjekk bra til kona Hera nesten tok Zevs på fersken med jenta. Guden prøvde å skjula dei ved å gjera seg sjølv om til ei sky og Io til ei kvit kvige, men Hera gjennomskoda han. Ho bad om å få kviga som gåve, og sette deretter Argus, eit monster med hundre auge, til å vakta over henne. På oppdrag frå Zevs drap Hermes monsteret ved å lokka alle auga til å sova.

Kviga Io var fri, men nå plaga av ein hissig brems som Hera sette på henne. Halvgalen av alle stikka sprang kua over Bosporos, som fekk namn etter henne (Bosporos tyder «oksepassasjen»). Ved Svartehavet møtte ho Prometevs, som var lenka til eit fjell og plaga som straff for å setta seg opp mot gudane. Han trøysta Io med at ho ville bli eit menneske igjen og at Herakles, den største av alle heltane, ville stamma frå henne. I områda Io sprang gjennom skal ho seinare ha blitt dyrka som ei gudinne.

Deretter sprang Io over Det joniske havet, som òg fekk namn etter henne, og kom til Egypt, der Zevs gav henne menneskeform igjen. Ho fødde sonen til Zevs, Epafos, og gifta seg sidan med den egyptiske kongen Telegonus.

Io har inspirert seinare kunstnarar, som den romerske skalden Ovid som skriv om henne i Metamorfosar, eller i Correggio sitt måleri Io og Zevs (også kalla Io og Jupiter).