Correggio

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Correggio

Statsborgarskap Signoria di Correggio
Fødd 30. august 1489, 1489
Correggio
Død

4. mars 1534, 5. mars 1534 (44 år)
Correggio

Yrke kunstmålar, teiknar, fresco painter
Sjanger historiemåleri, allegori, landskapsmåleri, akt, portrettmåleri, religiøst maleri
Born Pomponio Allegri
Correggio på Commons

Antonio Allegri (august 14895. mars 1534), best kjend som Correggio, var ein italiensk renessansemålar, oppkalla etter fødestaden Correggio i regionen Emilia.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

'Jesu fødsel', 1528-30

Correggio arbeidde heile livet i områda kring Parma, men verkar i høg grad å ha kjent til målarkunsten i Roma, Firenze og Venezia. Truleg var han elev av Francesco Bianchi, men under eit tidleg besøk i Mantova vart han påverka av Lorenzo Costa og Andrea Mantegna. Snart hadde Leonardo da Vinci sin revolusjonerande stil mjuka opp Correggio sin målarstil. Han kombinerte det mjuke og duse, som er typisk for hans modne verk, med ei sterk kjensle for oppbygginga av forma. Correggio skilde seg ut frå dei fleste samtidige norditalienske målarane, som vilkårslaust tok etter Leonardo. I staden for å skape det overjordisk vakre, måla Correggio idealiserte, men sensuelle og svært jordiske, figurar.

Ein veit ikkje om Correggio nokon gong var i Roma, men han kjende openberrt til Michelangelo sin fresker i det sixtinske kapell og Rafael sine fresker i Vatikanet. Stiltrekk frå alle dei tre leiande målarane under renessansen, Leonardo, Michelangelo og Rafael, gjenspeglar seg i Correggio sine madonnamåleri. Like populære var hans mytologiske motiv.

I dag vert Correggio særleg verdsett for sin djerve fantasi. Han var ein av dei første store kunstnarane som eksperimenterte med dei dramatiske effektane som kan oppnåast med kunstig belysning, til dømes Kristus i Getsemane, der Kristus-figuren einsamt lyser opp den mørke bakgarden, og i Den heilage natta, der lyset kjem frå barnet i krybba. Correggio vert rekna som den viktige lenka mellom Mantegna sine tidlege eksperiment med eit illusjonistisk måleri i Mantua og barokken sine takmåleri. I freskene hans i Camera di San Paolo i Parma eller i kuppelen i San Giovanni Evangelista i Parma, kan ein sjå figurar som tilsynelatande flyg fritt omkring.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Correggio