Argos

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For byen Άργος, sjå Árgos.
Io og Argos. Frå ein gresk amfora, 540-530 f.Kr., funnen i Italia.

Argos (latin Argus) er i den greske mytologien ei kjempe med hundre augo. Det var alltid nokre av augo hans som vaka medan dei andre sov. Dette er opphavet til omgrepet argusaugo med tydinga «vaktsamt blikk».

Argos vart sett av den svartsjuke Hera, Zevs si hustru, til å vakte den kua som Io hadde vorte skapt om til av Zevs då han ville ha stemnemøte med henne i dølgsmål. Zevs bad då Hermes om å svæve kjempa med tonane frå fløyta si. Då Argos sov med alle augo, hogg Hermes hovudet av han med sverdet sitt og gjorde med det Io fri, og ho vart etterkvart skapt om til menneske att av Zevs. Hera samla opp Argos sine augo og sette dei til pryd på halefjørene til påfuglen.