Ira Newborn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ira Newborn
Fødd26. desember 1949
FødestadNew York by
OpphavUSA
Verka somkomponist, filmmusikkomponist, skodespelar

Ira Newborn (fødd 26. desember 1949 i New York) er ein amerikansk musikar og komponist, mest kjend for filmmusikken han har komponert.

Blant dei mange filmane Newborn har skrive musikk for, finn ein filmen Sixteen Candles, Weird Science, Ferris Bueller's Day Off, Uncle Buck, Planes, Trains and Automobiles, Mallrats, røykfull jazz i Into the Night, der han skreiv musikk for B.B. King, og Ace Ventura: Pet Detective. Han har ofte arbeidd med John Hughes. Han var òg musikalsk leiar og produsent for The Blues Brothers. Newborn hadde ei lita skodespelarrolle i Xanadu, der han er ein bandleiar frå 1940-åra. Newborn skreiv musikk for Naked Gun-serien med Leslie Nielsen.

Newborn er òg professor ved New York University, der han sjølv tok bachelorgraden i 1972.

Blant dei mange artistane Ira Newborn har arbeidd med, finn ein Ray Charles, Diana Ross, Billy Joel og The Pointer Sisters.

Filmar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]