B.B. King

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Riley B. King
B. B. King.jpg
Riley B. King
Alias B.B. King
Fødd 16. september 1925
Instrument Gitar
Sjanger Blues
Aktive år 1949
Plateselskap Geffen Records
Nettside Bbking.com

Riley B. King (fødd 16. september 1925) eller B.B. King som han blir kalla, vart fødd i Itta Bann i Mississippi. Men flytta til Indianola etter kvart. Då han var liten lærte han seg å synge gospel. Presten lærte han å spele dei første gitarakkordar. Og han lærte meir av omreisande bluesgitarisar. B.B. King blir rekna som ein av dei største artistane innom bluesen og er kjent for å saman med gitaristen Lucille Gibson turnere mykje og ofte. Kings mest berømte låt er «The Thrill is gone».

B.B. King er ein av dei mest kjente bluesgitaristane i verda. King blir saman med Muddy Waters rekna som mellom dei mest stilbyggande bluesmusikarane og har påverka ei mengde moderea rockmusikarar som Eric Clapton og Jimi Hendrix.

Musiktidskriftet Rolling Stone ranka i 2003 B.B. King som den tredje største gitaristen genom tidena [1].

I ungdomen jobba han som gardsarbeidar og traktorførar. Og kvar einaste helg spelte han på lokale bluesbarar. Han og mora voks opp hos ein kvit plantasjeeigar, King elska å bruke tida sin saman med mora og bestemora. Etter mora døydde fekk han god kontakt med faren.

Gjennombrotet til King skjedde i 1949. Då spelte han inn fire låtar, men ingen av dei gjorde særleg stort inntrykk på afroamerikanske publikum. Men i 1951 hamna han i Sam Philips legendariske Sun Studio i Memphis. Ei av låtane hans, «Three O'Clock blues», førte til det store gjennombrotet. Låten låg på r&b-lista i 17 veker.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Rolling Stone - The 100 Greatest Guitarists Of All Time [1]