Irina Begljakova

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Irina Begljakova
Statsborgarskap Sovjetunionen, Russland
Fødd 26. februar 1933
Død

19. mars 2018 (85 år)
Moskva

Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1956, EM i friidrett 1958, EM i friidrett 1954

Utmerkingar

Ærestegnets orden

Irina Anatoljevna Begljakova (26. februar 193319. mars 2018) var ein sovjetisk diskoskastar som vann sølvmedaljen i øvinga både ved EM 1954 og Sommar-OL 1956.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Begljakova vart nummer to i diskoskasting ved europameisterskapen 1954, slått med over to meter av landskvinna Nina Ponomarjova. Den 30. oktober 1956 presterte Begljakova sitt livs lengste kast då diskosen landa etter 52,71 meter i Tasjkent. Ein månad seinare vann ho ein ny internasjonal sølvmedalje med eit kast på 52,54 m under dei olympiske sommarleikane 1956 i Melbourne. Olga Fikotová frå Tsjekkoslovakia vart olympisk meister med sine 53,69 m, medan førnemnde Ponomarjova kom på bronseplassen med 52,02 m. I sin siste internasjonale meisterskap, EM 1958 i Stockholm, enda Begljakova på fjerdeplassen, 12 cm bakom bronsevinnaren.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]