Irish Citizen Army

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Irish Citizen Army (irsk Arm Saoránach na hÉireann, forkorta ICA) var ein liten paramilitær organisasjon i Irland. Han blei skipa i Dublin i 1913[1] for å verna fagorganiserte mot politiet. Grunnleggjarane var James Larkin og Jack White, og blant andre sentrale medlemmer var James Connolly, Sean O'Casey, Constance Markiewicz og Francis Sheehy-Skeffington. I 1916 tok gruppa del i Påskeopprøret, ein væpna oppreist mot det britiske styret i Irland.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Charles Townshend, "Easter 1916: The Irish Rebellion", p.41.
  2. Townshend, p.46.
Spire Denne historieartikkelen som har med Irland å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.