Påskeopprøret i 1916

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Irsk uavhengighet

Dato 1916
Stad Irland
Resultat Det britiske flagget Britisk siger
Partar

Irish Republican Brotherhood
Irish Volunteers,
Irish Citizen Army,
Cumann na mBan
Det britiske flagget Storbritannia
Kommandantar
Patrick Pearse, James Connolly Brigadier-General WHM Lowe

General Sir John Maxwell

Styrkar
1250 i Dublin, ca. 2000-3000 andre stader, dei siste tok liten eller ingen del i kampane. 16000 soldatar og 1000 væpna politi i Dublin ved slutten av veka
Tap
82 drepne, 1617 skadde, 16 avretta[1] 157 drepne, 318 skadde


Påskeopprøret frå 1916 har stadig sterk symbolkraft. Her blir kvinner frå opprøret framstilt i eit nordirsk veggmåleri.

Påskeopprøret i 1916 var eit mislykka forsøk på å enda det britiske styret i Irland. Opprøret braut ut i Dublinpåskemåndagen 24. april 1916, og varte i seks dagar. Trass i at opprøret slo feil, var det eit viktig skritt i retning av opprettinga av ein sjølvstendig irsk stat.

Ein del av gruppa Irish Volunteers, leia av læraren og advokaten Pádraig Pearse, og Irish Citizen Army leia av arbeidarleiaren James Connolly tok den dagen nøkkelposisjonar i Dublin med makt og proklamerte ein irsk republikk uavhengig av Storbritannia frå trappa på Hovudpostkontoret.

30. april blei opprøret slått ned. Leiarane blei stilt for krigsrett, og fleire av dei blei avretta. Totalt døydde oppimot 500 menneske i uroa, rundt 54 % av dei sivile, 30 % britiske militære og politi, og 16 % irske opprørarar.[1] Over 2 600 blei skadde. Dei fleste sivile tapa kom etter britisk bruk av artilleri og maskingevær, eller fordi dei forveksla sivile med opprørarar. Bombardementet og brannane det førte til la delar av Dublin sentrum i ruinar.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Påskeopprøret kan reknast som eit vendepunkt i kampen for irsk sjølvstende. Det markerer ei splitting mellom den ikkjevaldelege, parlamentariske kampen som Irish Parliamentary Party under John Redmond stod for, og den valdelege republikanismen som fram til dette tidspunktet hadde vore støtta av ein svært liten minoritet.

Redmond hadde gjennom parlamentariske verkemiddel kome langt i retning av devolusjon (Home Rule), eit avgrensa sjølvstyre for Irland. Lova kom til forslagsstadiet i 1914, men blei utsett på grunn av utbrotet av første verdskrigen. Ho enda opp i ei anna form, som Government of Ireland Act 1920, men før det hende hadde det vore eit skifte i irsk politikk mot ei meir militant linje, mykje på grunn av påskeopprøret.

Oppreisten var i stor grad planlagd av organisasjonen Irish Republican Brotherhood (IRB), der Pearse òg var medlem. IRB-medlemmer, militante republikanarar, det vil i den irske samanhengen seie sjølvstendeforkjemparar som ikkje såg bort frå bruk av våpen i kampen for eit fritt Irland, hadde gått inn i Irish Volunteers og fått meir eller mindre kontroll over delar av denne legale halvmilitære organisasjonen.

IRB sin plan støytte på vanskar da det viste seg at James Connolly, som leidde ei gruppe væpna sosialistiske fagforeiningsfolk dei kalla Irish Citizen Army, og ikkje visste om IRB-planen, heldt på å setje i gang sin eigen oppreist. IRB-leiarane møtte Connolly og fekk han til å slutte seg til deira opprørsplan. Dei vart samde om å gå til aksjon den komande påska.

Leiaren for Irish Volunteers, Eoin MacNeill, var imot planen om væpna oppstand, og da han fekk greie på kva som var tenkt, sytte han for at kontra-ordre gjekk ut, og mange færre møtte såleis opp da opprøret starta. MacNeill sin sabotasje hindra alle områda utanfor Dublin i å slutte seg til oppreisten, og kommandoen av dei aktive opprørarane kom til å liggje under sosialisten Connolly, som viste seg å vere ein god militær leiar. Sjølv etter han var alvorleg såra, kommanderte Connolly opprørsstyrkane frå ei militær seng han vart boren rundt i.

Forløp[endre | endre wikiteksten]

Planen var å ta strategiske bygningar i Dublin og så forsvare seg mot dei britiske styrkane dei visste vil gå til åtak på dei. Hovudkvarteret skulle vere Hovudpostkontoret, der mellom andre Pearse, Connolly og ein ung kaptein ved namn Michael Collins skulle opphalde seg. Om planen hadde lukkast, ville opprørarane ha kontrollert eit kompakt område i det sentrale Dublin, avgrensa av kanalar og ringvegar. Men denne planen kravde fleire menn enn dei 1250 som møtte opp, og flere viktige bygningar, som Dublin Castle og Trinity College, blei verande på britiske hender. Dermed blei opprørsstyrkane meir splitta enn planlagd. Dette førte til at posisjonane deira blei isolerte, og kunne takast ein etter ein utan at opprørarane hadde sjanse til å støtta kvarandre.

I det vestlege Irland blei det gjort forsøk på å kontrollera vestsida av Shannon. Lokale Volunteers-einingar tok kontroll der, men med for få soldatar og våpen og liten eller ingen militær ekspertise var det aldri realistisk for dei å halda på kontrollen. Det var eit utbreidd håp blant opprørarane om at britane skulle vera villige til å kjøpslå framfor å måtte senda styrkar som dei trengde meir på vestfronten.

Den britiske kommandanten, general Lowe, gjekk sakte fram ettersom han var usikker på kor sterk motstanden kom til å vera. Han hadde berre 1200 soldatar i byen ved byrjinga av opprøret, det vil seia omtrent like mange som opprørarane. Han erklærte unntakstilstand, og dei britiske styrkane prioriterte så i første omgang å sikre tilkomstvegane til Dublin Castle og å isolera hovudkvarteret til opprørarane i Hovudpostkontoret (GPO). Lowe hadde tilgang til tyngre eldkraft frå kanonbåten «Helga» og feltartilleri som blei henta frå garnisonen i Athlone og utplassert på nordsida av byen i Prussia Street, Phibsborough og Cabra Road. Kanonane ble brukt til å skyta mot store delar av byen, og ein heil del bygningar i sentrum brann ned. Den første bygningen som blei skoten på var Liberty Hall, som ironisk nok var tom ettersom han var blitt gjeven opp av opprørarane allereie ved byrjinga av oppstanden. Kanonane til «Helga» måtte gje opp å skyta fordi dei ikkje var høgt nok oppe til å skyta over jernbanebrua, og derfor sette skota visekongen sin bustad i Phoenix Park i fare. Kanonbåten blei elles seinare kjøpt av regjeringa i den irske fristaten, og var eit av dei første fartøya i den irske marinen.[2]

Britiske forsterkingar[endre | endre wikiteksten]

Britane fekk raskt forsterkingar frå England, med general John Maxwell som ny kommandant. Med 16 000 soldatar og 1000 væpna konstablar frå RIC mot dei rundt 1250 opprørarane var styrketilhøvet dermed vippa kraftig til britisk fordel. Dei enkelte posisjonane opprørarane heldt blei isolerte frå kvarandre. Hardaste kampane stod ved Grand Canal, som britane hadde meinte dei måtte ta for å kunna få inn forsterkingane frå hamna i Dún Laoghaire. Opprørarane, under kommando av [[Éamon de Valera], kontrollerte berre nokre få bruer over kanalen, og britane kunne lett tatt kontroll over andre bruer og isolert posisjonane. På grunn av denne etterretningssvikten blei regimentet Sherwood Foresters fleire gonger fanga i krysseld medan det prøvde å kryssa kanalen ved Mount Street. Ei gruppe på berre tolv mann klarte å seinka den britiske framrykkinga kraftig, og drap eller skada 240 mann.

Opprørarane ved South Dublin Union (der St. James' Hospital ligg i dag) påførte også britane betydelege tap under eit forsøk på å hjelpa Dublin Castle. Cathal Brugha kjempa tappert i denne trefninga, og blei alvorleg såra. Artillerield og mangel på ammunisjon førte etterkvart til at opprørarane måtte gje opp desse posisjonane. Ein måtte også gje opp opp posisjonen på St. Stephen's Green etter at britane plasserte snikskyttarar og maskingevær i bygningar rundt parken. Mallin sine menn trekte seg tilbake til bygningen til Royal College of Surgeons, der dei heldt ut fram til dei fekk ordre om å overgje seg.

Mange av opprørarane som kunne ha blitt plassert langs kanalane eller andre stader der britane var sårbare for bakholdsåtak, blei i staden plasserte i store bygningar som GPO eller Four Courts of Boland's Mill, der dei ikkje kunne utretta mykje. Garnisonen i GPO barrikaderte bygningen og blei skoten på av artilleri på ein avstand der dei ikkje kunne returnera elden. Dei hakka seg gjennom veggen til nabobygningen for å evakuera og setja opp ein ny posisjon i Moore Street. Frå dette hovudkvarteret gav Pearse den 29. april, etter å ha innsett at vidare motstand var nyttelaus, ordre om full kapitulasjon. Neste dag hadde britane igjen kontroll over heile Dublin.

Følgjer[endre | endre wikiteksten]

Om lag 3000 mistenkte sympatisørar av opprøret vart arresterte av britane, og 15 opprørsleiarar vart avretta ved skyting, inkludert alle dei sju som hadde skrive under sjølvstende-erklæringa. Mellom dei som vart avretta, var den allereie dødeleg såra James Connolly, som vart skoten fastspend til ein stol fordi han var ute av stand til å stå på beina.

Opprørarane hadde lite støtte i folket på det tidspunktet. Dei vart av mange sedde på som eventyrarar som skadde sjølvstendesaka. Men avrettingane var starten på ein snunad i folkemeininga i landet. Det vesle partiet Sinn Fein fekk auka oppslutnad, sjølv om det ikkje hadde vore med på oppstanden, fordi britane og avisene skulda det for å stå bak. Overlevande opprørarar, leia av Éamon de Valera, gjekk inn i Sinn Fein og fekk kontroll over partiet. Da britane prøvde å innføre britisk verneplikt i Irland i 1918, fekk det no radikalt republikanske Sinn Fein fleirtalet på si side, og partiet vann ein stor siger ved valet i desember dette året. Dei fleste av dei valde irske representantane møtte ikkje i parlamentet i London, men i staden i Dublin, der dei proklamerte den irske republikken den 21. januar 1919, med Éamon de Valera som president.

Påskeopprøret var nok dømt til militært nederlag, og leiarane ante truleg dette. I så fall var det eit medvite offer dei gjorde, for å setje i gang ein prosess som kunne gi Irland fridom og sjølvstende. Oppstanden er eit viktig ledd i landet si historiske utvikling, og somme ser påskeopprøret i 1916 som den verkelege starten på det sjølvstendige Irland, ikkje den anglo-irske avtalen frå 1922, som førte til skipinga av Den irske fristaten (frå 1948 Republikken Irland) men òg til delinga av landet, med dei seks nordaustlege fylka framleis ein del av Det sameinte kongedømet.Den blodige anglo-irske krigen raste fram til 1921.

Dei som vart avretta av dei britiske styresmaktene etter påskeopprøret var:

  • Pádraig Pearse
  • Thomas J. Clarke
  • Thomas MacDonagh
  • Joseph Mary Plunkett
  • Edward Daly
  • William Pearse
  • Michael O'Hanrahan
  • John MacBride
  • Eamonn Ceannt
  • Michael Mallin
  • Cornelius Colbert
  • Sean Heuston
  • Sean MacDermott
  • James Connolly
  • Thomas Kent
  • Sir Roger Casement

Den irske diktaren William Butler Yeats skreiv eit dikt kalla «Easter 1916», der han tok opp korleis desse personane som ein kunne ha ymse syn på føre påskeopprøret, liksom vart omskipa i omdømmet til mange irar etterpå:

«I write it out in a verse:
MacDonagh and MacBride
and Connolly and Pearse,
Now and in time to be,
Wherever green is worn,
Are changed, changed utterly:
A terrible beauty is born

William Butler Yeats

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1916 Necrology. Glasnevin Trust.
  2. Irish Times: «Helga's roles after Rising», arkivert frå originalen 16. oktober 2006, henta 26. mars 2016