Irish Volunteers

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Irish Volunteers («Irske frivillige», på irsk Óglaigh na hÉireann, «Irlands hær») var ein paramilitær irsk nasjonalistisk organisasjon oppretta i 1913. Formålet med stiftinga var å «sikre og oppretthalde rettane og fridommane som er til felles for heile Irlands folk»,[1] og å hjelpe til med å sikre at den venta Home Rule Act blei overhalden.

Organisasjonen blei grunnlagt som svar på Edvard Carson og James Craig si oppretting av Ulster Volunteer Force (UVF) tidlegare same året. UVF var ein paramilitær organisasjon for protestantiske unionistar i den nordaustlege delen av av landet, området som senisre blei Nord-Irland. Fordi denne organisasjonen truga med å stoppa innføringa av sjølvstyre gjennom Home Rule Act, meinte nasjonalister at det var naudsynt med ein organisasjon som kunne leggja press den andre vegen. I artikkelen «The North Began» argumenterte Eoin MacNeill for at ein trengde ein slik organisasjon. Vennen hans The O'Rahilly oppfordra han til å følgja opp tanken, og 11. november 1913 samla elleve ledende nasjonalistar seg på Wynn's Hotel i Dublin. I tillegg til dei nemnde omfatta gruppen mellom anna Pádraig Pearse, Eamonn Ceannt og Sean MacDermott.

Alle rørsler som seinara har kalla seg sjølv IRA, og det irske forsvaret (Irish Defence Forces, IDF) har opphav i Irish Volunteers. Det irske namnet på gruppa, Óglaigh na hÉireann, blei verande i bruk medan det engelske namnet endrar seg, og er offisielt namn både på det irske forsvaret og dei ulike IRA-grupperingane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Foy, Michael; Barton, Brian (2004). The Easter Rising. Sutton Publishing. s. 7–8. ISBN 0-7509-3433-6. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]