Isacio Calleja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Isacio Calleja i 1971

Isacio Calleja García (6. desember 19364. februar 2019) var ein spansk fotballspelar og sakførar frå landsbyen Valle de Cerrato i Palencia-provinsen. Han vart europameister 1964 med Spania, to år etter han var med å vinne cupvinnarcupen 1962 med Atlético Madrid.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Calleja spelte i midtforsvaret på Atlético Madrid frå 1959 til han la opp i 1972. Han var med om å vinne finalen i cupvinnarcupen 1962 mot italienske Fiorentina. Sommaren 1965 sigra han og Madrid-laget 1-0 mot Real Zaragoza i den nasjonale cupfinalen. Den påfylgjande sesongen bidrog han mykje til at Atlético Madrid toppa den spanske serien, eitt poeng framom Real Madrid. Også i 1970 vart Calleja og Atlético spansk seriemeister, poenget framom Athletic Bilbao. I sin aller siste kamp, cupfinalen 1972, var han lagkaptein då Atlético Madrid slo Valencia CF med 2-1.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Calleja spelte 12 landskampar i tida 1961-64 og vart europameister då Spania vann EM-finalen 1964 med 2-1 mot Sovjetunionen framfor 120 000 tilskodarar i Madrid. Nær 8 år seinare var han kaptein i sin 13. og siste landskamp, ein vennskapskamp mot gjestande Uruguay.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Europameister: 1964 for Spania
  • Vinnar av cupvinnarcupen: 1962 med Atlético Madrid
  • Spansk seriemeister: 1966 og 1970 med Atlético Madrid
  • Spansk cupmeister: 1965 og 1972 med Atlético Madrid

Kjelder[endre | endre wikiteksten]