Hopp til innhald

Karen Blixen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Isak Dinesen)
Karen von Blixen-Finecke

Karen Blixen i prat med Igor Stravinskij (t.v.) på København rådhus i 1957.
Foto: Ove von Spaeth
Pseudonym Isak Dinesen, Pierre Andrézel
Nasjonalitet Dansk
Statsborgarskap Kongeriket Danmark
Fødd 17. april 1885
RungstedlundSjælland i Danmark
Død

7. september 1962 (77 år)
Rungstedlund

Yrke Forfattar
Sjanger Nyromantikk og gotisk roman
Medlem av Bayerische Akademie der Schönen Künste
Far Wilhelm Dinesen
Mor Ingeborg Dinesen
Karen Blixen på Commons

Karen Christence Blixen (fødd Karen Christence Dinesen (17. april 18857. september 1962) var ein dansk forfattar. Ho vart fødd i Rungstedlund i Danmark, og døydde same staden. Ho nytta pseudonyma Isak Dinesen og Pierre Andrezel. Ho var dotter av forfattaren kaptein Wilhelm Dinesen.

I 1914 blei Karen Dinesen gift med syskenbarnet sitt, friherre og baron Bror Frederik von Blixen-Finecke.

Ho var frå 1914 til 1931 busett i Aust-Afrika, der ho eigde og dreiv ein kaffiplantasje i Kenya.

Ho skreiv både på dansk og engelsk.

Filmen Out of Africa frå 1985 byggjer på boka Min afrikanske farm.

Asteroida 3318 Blixen er oppkalla etter henne.

  • Eneboeren (1907)
  • Tilskueren (1909)
  • Syv fantastiske Fortællinger (1935)
  • Min afrikanske farm (1937) (engelsk Out of Africa)
  • Vintereventyr (1942)
  • Gengældelsens veje (1944)
  • Babettes gjestebud (1950)
  • Daguerreotypier (1951)
  • Sidste fortællinger (1957)
  • Skæbneanekdoter (1958)
  • Skygger på græsset (posthumt 1960)
  • Ehrengard (posthumt 1963)
  • Efterladte fortællinger (posthumt 1975)
  • Breve fra Afrika (2 bd. posthumt 1978)
  • Karen Blixen i Danmark: Breve 1931-1962 (posthumt 1996)

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]