Iseosjøen
Utsjånad
Iseosjøen | |||
innsjø | |||
Isola di Loreto
| |||
Land | Italia | ||
---|---|---|---|
Område | Lombardia | ||
Tilsig | Oglio | ||
Utløp | Oglio | ||
Høgd over havet | 181 moh. | ||
Lengd | 25 km | ||
Areal | 65,3 km² | ||
Største djupn | 251 m | ||
Koordinatar | 45°43′N 10°05′E / 45.717°N 10.083°E | ||
Øyar | Monte Isola, Loreto, St. Paul | ||
Byar | Sjå liste | ||
Iseosjøen 45°42′42″N 10°04′19″E / 45.711666666667°N 10.071944444444°E | |||
Kart over Iseosjøen
| |||
Wikimedia Commons: Lake Iseo |
Iseosjøen (italiensk Lago d'Iseo eller Sebino) er den fjerde største innsjøen i Lombardia i Italia.
Han ligg nord i landet i Val Camonica-området, nær byane Brescia og Bergamo. Innsjøen er nesten likt delt mellom provinsane Bergamo og Brescia. Trass i at denne delen av landet er svært industrialisert er området rundt innsjøen svært vakkert. Vegen nordover til Sveits brukte å gå langs innsjøen og mange bilar har køyrt utfor og hamna i vatnet. Ein tryggare veg er no sprengt ut i fjellsida.
Midt i innsjøen ligg Monte Isola (eller Montisola), den største øya i alle innsjøar i Sør-Europa.
Busetnadar
[endre | endre wikiteksten]Det ligg fleire landsbyar rundt innsjøen
I Brescia:
- Iseo - som har gjeve namn til innsjøen. Med breie plassar og ein promenade ved innsjøen.
- Marone
- Sale Marasino
I Bergamo:
- Sarnico - opphavleg ein førhistorisk pålelandsby.
- Riva di Solto - ein vakker liten fiskelandsby.
- Lovere - ein gong ein festningsby.
På Montisola:
- Peschiera Maraglio - ein vakker fiskelandsby
- Siviano, Sensole og Carzano - fleire fiskelandsbyar
- Cure - på det høgaste punktet på øya ligg det ein heilagdom.
Dei to mindre øyane Loreto og St. Paul ligg òg i innsjøen.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Monte Isola Arkivert 2007-11-19 ved Wayback Machine.
Kjelde
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Lake Iseo frå Engelsk Wikipedia .