Isfiske

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Isfiske i Finland. Foto frå ein pilkekonkurranse i 2005.

Isfiske er nemninga for slikt fiske som går føre seg ved at ein borar med isbor eller høgg eit hol i isen på isdekka vatn eller sjø, og fiskar gjennom dette holet. Det vert nytta ulike fiskereiskap, som pilk, blenk (ein blank, spesielt utforma metallbit), sluk eller andre kunstige lokkemiddel, eller krok med naturleg agn, eventuelt kombinasjonar av ulike slag, alt etter om ein fiskar på sjøisen eller på is på innsjø eller vatn, og kva slags fisk ein er ute etter å få. Ved isfiske vert det stort sett mindre fisk det er aktuelt å fiske etter, og reiskapen er difor ofte av det lette slaget.

For å lokke fisken til holet vert det ofte nytta noko smått og kvitt som søkk langsamt, til dømes havregryn eller små, blaute papirbitar. Er det straum i vatnet, kan det vere naudsynt å lage eit ekstra hol for å få desse lokkemidla til å drive i den rette leia for å lokke fisken til holet som vert nytta til fiskinga.

Tidlegare var isfiske matauk eller ein måte å skaffe pengar i kassa på, men er no vorte ein fritidssyssel. Då fisken som oftast frys snøgt ihel etter å ha kome opp av vatnet, er ikkje isfiske eigna for den typen sportsfiske som går ut på å setje fisken ut i vatnet att etter å ha fått han opp.

Isfiske på sjø er i Noreg berre aktuelt i nokre fjordar, til dømes i Indre Oslofjord og i somme andre fjordar sør i landet, då isen elles ikkje er trygg nok for ferdsle, eller ikkje legg seg i det heile teke. Men på mange vatn og innsjøar er det mogleg å fiske storparten av vinteren.