Ishamn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Isbrytar nyttar ishamna i Hvalbukta.

Ei ishamn er ei meir eller mindre permanent bukt i fronten av ein isbrem som kan nyttast som ei naturleg hamn. Sjølv om dei er nyttige er dei ikkje alltid pålitelege sidan kalving frå isbremmen kan gjere ishamna ustabil eller ubrukeleg.

Ishamner har spelt ei viktig rolle i utforskinga av Antarktis. Hvalbukta, som vart oppdaga og namngjeven (Bay of Whales) av Ernest Shackleton«Nimrod» i 1908, var base for fleire viktige Antarktiskekspedisjonar, som:

Norselbukta vart nytta av Maudheimekspedisjonen (NBSAE) til å losse utstyr og forsyningar frå ekspedisjonsskipet «Norsel» i 1949. NBSAE oppretta Maudheim kring 1,5 km sør for hamna.

Omgrepet ishamn (iceport) vart først nytta av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) i 1956.[1]

Ingeniørar frå U.S. Navy bygde den første flytande iskaien ved McMurdo-basen, som er den sørlegaste hamna i Antarktis, i 1973.[2][3]

Ishamner i Antarktis[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]