Maudheimekspedisjonen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Maudheimekspedisjonen (òg kalla Den norsk-britisk-svenske antarktisekspedisjon, forkorta NBSX eller NBSAE) var namnet på ein norsk-britisk-svensk ekspedisjon til Antarktis under leiing av John Giæver i perioden 1949-1952. Ekspedisjonen vart finansiert og organisert av ein komité av britiske, svenske og norske ekspertar, med professor Harald Ulrik Sverdrup som formann og var den første verkelege internasjonale vitskaplege ekspedisjonen til Antarktis.[1] Store delar av det vestlege Dronning Maud Land vart kartlagt og ekspedisjonen vart ein modell for seinare ekspedisjonar til Antarktis.

Namnet på ekspedisjonen kjem frå overvintringsstasjonen Maudheim (71°03'S, 10°55'V) som vart oppretta i samband med ekspedisjonen. Fleire depot og hytter for overnatting og oppbevaring av utstyr vart reist. Frå desse basane vart det gjort utalde turar, den lengste varte i åtti dagar. Tre av ekspedisjonsmedlemmene omkom 24. februar 1951 då dei under ein testtur med ein overhalt Weasel vart overraska av tåke. Køyretøyet hamna i vatnet då dei for seint oppdaga at over hundre meter av isbremmen hadde kalva. Berre fotografen Stig Hallgren overlevde ulukka, då han etter 13 timar drivande på eit isflak vart redda av kollegaene sine.[2]

Alle ekspedisjonsmedlemmane mottok Maudheimmedaljen.

Ekspedisjonsmedlemmane[endre | endre wikiteksten]

Namn Funksjon Nasjonalitet Merknader
John Giæver Ekspedisjonsleiar frå Norsk Polarinstitutt  Noreg
Valter Schytt Glasiolog og nestkommanderande  Sverige
Gordon de Quetteville Robin Fysikar  Australia
Nils Jørgen Schumacher Meteorolog  Noreg
Ernest Frederick Roots Geolog  Canada
Ove Wilson Lege  Sverige
Gösta H. Liljequist Meteorolog  Sverige
Nils Roer Topograf  Noreg
Alan Reece Geologisk assistent  Storbritannia
Charles Swithinbank Glasiologisk assistent  Storbritannia
Egil Rogstad Radiosjef  Noreg
Bertil Ekström Mekanikar  Sverige Omkom 24. februar 1951
Peter Melleby Mekanikar og hundekøyrar  Noreg
Leslie Quar Radiomann  Storbritannia Omkom 24. februar 1951
John Snarby Stuert  Noreg Avreiste januar 1951
John Jelbart Fysikar  Australia Kom januar 1951. Omkom 24. februar 1951
Stig Hallgren Fotograf  Sverige Kom januar 1951
Bjarne Lorentzen Stuert  Noreg Kom januar 1951

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • John Giæver (1952). Maudheim. To år i Antarktis. Oslo: Gyldendal. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]