Hopp til innhald

Ishockey under Vinter-OL 1980

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ishockey under Vinter-OL 1980 vart arrangert i tida frå 7. til 19. februar 1980 i Lake Placid i USA. Kampane vart avvikla på to ulike arenaer i OL-byen, finalerunda i sin heilskap på Olympic Center med plass til 12 000 tilskodarar. USA vann gull, Sovjetunione sølv og Sverige bronse.

Turneringa

[endre | endre wikiteksten]

12 land deltok i turneringa, som tok til med ei opningsrunde med seks lag likt fordelt på to grupper. Dei to beste laga i kvar av gruppene gjekk vidare til ei finalerunde. Nummer tre og fire i gruppene gjekk direkte til respektive plasseringskampar. Noreg enda sist i Gruppe B med eitt poeng, etter uavgjort mot Finland.

Laga som deltok i finalerunda drog med seg innbyrdes oppgjer i gruppespela. Arrangørlandet USA, som hadde eitt poeng etter uavgjort mot Sverige, møtte fyrst storfavoritten Sovjetunionen. Kampen enda med 4-3-siger til USA, og har gått inn i USA-amerikansk idrettshistorie som «Miracle on Ice». Det sovjetiske ishockey-landslaget hadde vunne alle kampane med stor margin, og knapt tapt ein kamp på fleire år. Av storpolitiske grunnar tilla den USA-amerikanske allmenta sigeren ekstra vekt. Men det var fyrst dagen etter sovjetkampen USA kunne heve OL-pokalen, då laget vann 4-2 over Finland.

Finalerunda

[endre | endre wikiteksten]
Plass Lag Kampar Sigrar Uavgj. Tap Målskår Poeng
1  USA 3 2 1 0 10 - 7 5
2  Sovjetunionen 3 2 0 1 16 - 7 4
3  Sverige 3 0 2 1 7 - 14 2
4  Finland 3 0 1 2 7 - 11 1

USA sitt meistermannskap

[endre | endre wikiteksten]

Målvakter: Jim Craig, Steve Janaszak
Forsvarar: Ken Morrow, Mike Ramsey, Bill Baker, Jack O’Callahan, Bob Suter
Løparar: Dave Silk, Neal Broten, Mark Einar Johnson, Steve Christoff, Mark Wells, Mark Pavelich, Eric Strobel, Mike Eruzione, Dave Christian, Rob McClanahan, Buzz Schneider, John Harrington, Phil Verchota