Islamofobi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Politisk aktivist som demonstrerer mot islamofobi

«Dette ord, der lydligt kan ligne xenofobi, er konstrueret i den hensigt at indgyde frygt ved ubevidst at skabe forestillinger om had, forfølgelse og diskrimination - og dermed til hensigt at indgyde skyld.»[1]

Islamofobi er eit omgrep som er brukt som sams nemning for fordommar mot og diskriminering av muslimar. Som tilfellet er med antisemittisme, kan islamofobi vere basert både på førestillingar om islam som religion og på førestillingar om muslimar som kulturell og etnisk gruppe.

Omgrepet er i dag brukt på styresmaktnivå, i politisk debatt og i akademisk faglitteratur.[2] Kritikarar har tolka ordet som ei språkleg nylaging laga for å gjere det vanskelegare å utøve legitim kritikk av islam, som religion og politisk ideologi. I Noreg har Walid al-Kubaisi kritisert at uttrykket kan brukast som stigmatiserande skjellsord.[3]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Hvad er islamofobi?». Dagbladet Information. Henta 16. juli 2019. 
  2. «islamofobi». Store norske leksikon. Henta 16. juli 2019. 
  3. «Myten om islamofobi». Arkivert frå originalen 2. juni 2013. Henta 16. juli 2019. 
Spire Denne politikkartikkelen som har med religion å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.