Antisemittisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jødestjerne — den gule stjerna som nazistane tvinga jødar til å bera i Tyskland og dei fleste okkuperte områda under andre verdskrigen. Denne er frå det okkuperte Frankrike.
Foto: Olve Utne

Antisemittisme er vanlegvis synonymt med jødehat. Jødehatet har i mestedelen av historia vore størst blant kristne i Europa, og knytt til forestillinga om at «det var jødane som drap Jesus» og at jødane er vantru.

I dag er jødehatet truleg størst blant muslimar, sjølv om det òg eksisterer i kristne og sekulære miljø. Blant muslimar er det vel i hovudsak knytt til konflikten mellom staten Israel og arabarane i Midtausten, men har òg ein religiøs dimensjon, som i den kristne anti-semittismen.

Antisemittisme og antisionisme[endre | endre wikiteksten]

Antisemittisme er ikkje det same som antisionisme. Antisemittisme er jødehat, og antisionisme er motstand mot at jødane skal ha ein eigen jødisk stat i det historiske landskapet Israel/Palestina. Mange jødar har opp gjennom tida vore mot dette statsprosjektet, det omfattar både religiøse og sekulære jødiske organisasjonar, mellom andre det store jødiske partiet Bund, som kjempa for sosialisme og full likestilling for dei jiddisch-talande jødane hovudsakleg i Aust-Europa før andre verdskrigen.


Ein antisionisme som seier at den beste løysinga på konflikten i Midtausten er ein felles sekulær stat med like rettar for både jødar, kristne og muslimar har ikkje noko naudsynleg samband med antisemittisme. Ein sionismekritikk som går på den praksisen dei sionistiske leiarane i Israel eller USA har, altså ein kritikk av israelsk og pro-israelsk politikk, heller ikkje vera antisemittisk. Slik kritikk blir òg framført i Israel sjølv; til dømes kritikk av bygginga av barrieren mellom Vestbredda og Israel, som hovudsakleg blir bygd på palestinsk territorium og som av mange blir rekna som folkerettsstridig.

På den andre sida har det vore døme på ein antisionisme som i argumentasjon og verkemiddel har trødd over grensa til antisemittisme. Det gjeld til dømes den offisielle antisionismen i dei kommunistiske landa i den tidlegare Austblokka.

Det er eit stadig ordskifte om grensa mellom dei to fenomena og om det jødiske folket og staten Israel er eitt og det same, og om kritikk av Israel er det same som hets mot jødar som menneske. Minnet om Holocaust gjer at legitim kritikk av Israel og sionistiske organisasjonar kan bli mistolka eller avvist som antisionisme.(1832-1845

Antisemittisme i historia[endre | endre wikiteksten]

Jødehatet har ført til tallause overgrep mot jødane opp gjennom tida, særleg i Europa. Den kristne jødeforfølginga i mellomalderen førte til massedrap ei rekkje gonger, og hang delvis ihop med forfølginga av kjettarar, det vil seie kristne avvikarar. Verst var truleg jødeforfølginga i Spania under og etter den kristne gjenerobringa av landet frå muslimane, som for øvrig var mykje meir tolerante overfor jødane den gongen. I tsar-Russland var det heilt til og med den russiske revolusjonen pogromar mot jødane, med mishandling og massedrap. Igjen ut frå eit kristeleg jødehat, medvite støtta og bruka av dei tsaristiske styresmaktene og kontrarevolusjonære krefter.

Etter den franske revolusjonen og den gradvise spreiinga av idéane om ein meir sekulær og demokratisk stat, fekk jødane religiøs og statsborgarleg likestilling i mange vestlege land. Men da den kristelege anti-semittismen begynte å miste krafta si, vart det utvikla ein kvasi-vitskapleg «biologisk» anti-semittisme som delvis kom i tillegg til den religiøst baserte. Dette var rasisme mot jødane i eigentleg og direkte forstand, og hang ihop med den allmenne kvasi-vitskaplege rasismen som fungerte som legitimering av imperialismen. Den kvasi-vitskaplege anti-semittismen vart ofte blanda med det religiøst-kulturelle jødehatet. Også denne meir moderne anti-semittismen vart bruka politisk, særleg av reaksjonære høgrekrefter, i fleire europeiske land. Dreyfus-saka i Frankrike kan vere eit døme.

Antisemittisme og den andre verdskrigen[endre | endre wikiteksten]

Høgdepunktet for jødehatet kom da nazistane under andre verdskrigen prøvde å totalutrydde heile den jødiske befolkninga i Europa, under Holocaust/Shoa.

Det blir somtid hevda at andre massemord i historia var verre. Andre åtvarar mot slik relativisering av Holocaust. Den tyske historikaren Eberhardt Jäckel har kome med denne vurderinga: «Det nazistiske jødemordet var eineståande, fordi ein stat med autoritet frå den ansvarlege føraren aldri tidlegare har vedteke og kunngjort at han vil drepe som fullstendig som mogleg ei viss menneskegruppe, medrekna dei gamle, kvinnene, barna og spedbarna, og med alle tenkjelege statlege middel har sett denne avgjerda ut i livet.» Den israelske historikaren Yehuda Bauer seier det slik: «For først gong i soga til menneskeætta blir ei avgjerd utvikla - i ein moderne stat i midten av eit sivilisert kontinent - om å oppspore, registrere, merke, isolere, berøve, audmjuke, samle, transportere og myrde kvar einaste person tilhøyrande ei viss etnisk gruppe. Det har ikkje noko sidestykke.»

Etter at tyskarane var drivne ut blussa det opp nye pogromar på jødar somme stader i austeuropa. Til dømes førte dette til at over 60 000 jødar flykta frå Polen til Tyskland sommaren 1946. I det halvtanna året som kom etter slutten på verdskrigen blei det drepe fleire jødar i Polen, Ungarn og Tsjekkoslovakia enn i tiåret før krigen[1]

Antisemittisme i nyare tid[endre | endre wikiteksten]

I etterkrigstida har open antisemittisme vore sjeldan i Europa og Amerika, og finst berre i små utgrupper av nynazistar. Eit unntak var austeuropa under Stalin. I fleire av rettsakane frå den tida blei den jødiske bakgrunnen til dei tiltala nytta mot dei[1]. Særleg tydeleg kom dette fram i saka mo Rudolf Slánský og andre i Praha i november 1952. Men anti-semittisme kan òg komme til uttrykk under dekke av sionisme-kritikk, noko ein særleg såg periodevis i Sovjetunionen og andre kommunistiske land.

Antisemittismen i dag er truleg mest utbreidd blant muslimar, og dette har sannsynlegvis samanheng med konflikten i Midtausten, der Israel sidan 1967 har okkupert land som palestinarane gjer krav på. Det er ikkje internasjonal semje om kva for status desse områda har (sjå artikkelen om Palestina), men mykje av det Israel gjer i desse territoria, som utbygging av busetnader og anneksjonen av Jerusalem, har vorte fordømt av tryggjingsrådet i FN (FN-resolusjon 465 og FN-resolusjon 478).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Judt, Tony: Postwar. A history of Europe since 1945. Pimlico, 2007. ISBN 978012665643.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Antisemittisme