Islom Karimov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Islom Karimov
Islam Karimov (cropped).jpg
Fødd 30. januar 1938
Samarkand
Død

2. september 2016
Tasjkent

Yrke politikar
Verv President i Usbekistan
Periode 1990-2016
Føregangar ingen
Etterfylgjar Nigmatilla Juldasjev
Islom Karimov på Commons

Islom Abdug‘anijevitsj Karimov (30. januar 19382. september 2016) var ein usbekisk politikar. Han var 1990-91 president i sovjetrepublikken Usbekistan, og frå 1991 til han døydde den første presidenten i det sjølvstendige Usbekistan. Namnet hans vert ofte skrive med russisk stavemåte, som Islam Karimov.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Karimov, som var fødd i Samarkand og hadde usbekisk far og tadsjikisk mor, voks opp på ein barneheim. Han studerte ingeniørfag og økonomi i Tasjkent. I 1966 begynte han å jobba for Gosplan, det statlege planleggingsorganet, i Usbekistan. Han steig så gradane i det sovjetiske kommunistpartiet. I 1983 vart han finansminister i den usbekiske sovjetrepublikken, i 1986 viseformann i ministerrådet (visestatsminister).

Han kom til makta i Usbekistan i 1989, då han vart førstesekretær i kommunistpartiet i sovjetrepublikken. 24. mars 1990 vart han president i den usbekiske sovjetrepublikken. 31. august 1991 erklærte han Usbekistan sjølvstendig frå Sovjetunionen, og 29. desember same året vann han det første presidentvalet med 86 % av røystene. Valet vart rekna som urettvist, med ein ufri valkamp og fusk i oppteljinga. Det same gjeld alle seinare val i Usbekistan. Etter at han var vald som president trygga han makta si ved å arrestera eller driva i eksil dei leiande opposisjonelle.

26. mars 1995 vart det halde ei folkerøysting der Karimov sin presidentperiode vart utvida med fem nye år. 9. januar 2000 vart det halde presidentval, der Karimov fekk over 90 % av røystene. Motkandidaten hans sa at han sjølv hadde røysta på Karimov. 27. februar 2002 vart det halde ei folkerøysting, der Karimov sin presidentperiode vart utvida frå 5 til 7 år.

Karimov slo hardt ned på all opposisjon, som konsekvent vart omtalt som «islamsk ekstremisme». Utanrikspolitisk var han først ganske vestleg orientert. Etter terrorangrepa i USA 11. september 2001 lèt han USA og NATO leiga ein militærflybase i Usbekistan i oktober 2001, til bruk i krigen i Afghanistan.

13. mai 2005 vart over 300 uvæpna demonstrantar drepne av tryggingsstyrkar i byen Andijon, etter at det hadde vore væpna samanstøyt der tidlegare på dagen.[[1] EU innførte då våpenembargo mot Usbekistan, også USA kritiserte Karimov for framferda mot demonstrantane. Etter dette måtte USA og NATO trekkja seg ut frå basen i Usbekistan, og Karimov orienterte seg meir mot Russland i utanrikspolitikken. 14. november same året skreiv Karimov under på ein gjensidig forsvarsavtale med Russland.

Karimov var gift og far til to døtrer. Den eldste av desse, Gulnara Karimova, vart av internasjonale media i 2015 skulda for å ha teke i mot fleire milliardar kroner i muter av teleselskapet Vimpelcom.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]