Usbekistan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
[endre]
O`zbekiston Respublikasi
Ўзбекистон Республикаси

(norsk: Usbekistan, usbekisk)

Det usbekiske flagget Det usbekiske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Usbekistan sin nasjonalsong
(O`zbekiston Respublikasining Davlat Madhiyasi)»
Motto Yo`q
Geografisk plassering av Usbekistan
Offisielle språk usbekisk
Hovudstad Tasjkent (Toshkent)
Styresett
Republikk
Islom Karimov
Shavkat Mirziyoyev
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
447 400 km² (56.)
4,9 %
Folketal
 – Estimert (2012)
 – Tettleik
 
28 394 180 (44.)
63,5 /km² (111.)
Sjølvstende
  - Dato
Frå Sovjetunionen
1. september 1991
(off. 8. desember 1991)
Nasjonaldag 1. september
BNP
 – Totalt (2010)
 – Per innbyggjar
 
86 070 mill. USD (74.)
3 100 USD (137.)
Valuta so`m (off. O`zbekiston so`mi)
(± 2,473 USD)
Tidssone UTC +5
Telefonkode +998
Toppnivådomene .uz

lokalt språk i Qoraqalpog`iston (Qaraqalpaqstan Respublikası): karakalpakisk

Kart over Usbekistan
Satellittbilete over Usbekistan

Usbekistan (usbekisk: O`zbekiston, kyr.: Ўзбекистон, أۇزبېكیستون på afghansk usb.; utt. [ˈɤ̟zbekistɒn]) er det mest folkerike landet i Sentralasia, med over 30 millionar innbyggjarar[1]. Det grensar til Kasakhstan i nord, Kirgisistan og Tadsjikistan i aust, Afghanistan i sør og Turkmenistan i vest.

Av di denne delen av Sentralasia sidan slutten av 1800-talet hadde vore underlagt den russiske tsaren, vart Usbekistan ein delrepublikk av Sovjetunionen. Den 1. september 1991 erklærte landet seg uavhengig.

Usbekistan er ein fattig og uroleg del av Asia. I tillegg til usbekarar bur det for det meste russarar og tadsjikar i republikken. Mange av innbyggjarane er sterkt misnøgde med regimet, som har blitt skulda for korrupsjon, vanstyre og grove brot på menneskerettane. President Islom Karimov hevdar på si side at dei som demonstrerar mot han, er muslimske fundamentalistar.

Den politiske situasjonen tilspissa seg våren 2005, og fredag den 13. mai starta eit folkeopprør i Andijon heilt aust i landet, som snart spreidde seg til grensebyen Kara Su, der det vert rapportert at rasande folkemengder sette regjeringsbygga i brann. Presidenten sine sikkerheitsstyrker svarte med å skyta mot opprørarane, og somme kjelder melder at fleire hundre menneske vart drepne og så mange som 2 000 såra i den første samanstøyten. Myndigheitene i Usbekistan har no gjort det forbode for innbyggjarane å sjå utanlandske nyhende på fjernsyn, men tusenvis av menneske er allereie på flukt for å koma seg bort ifrå det som mange fryktar vil bli eit blodbad, ettersom ein ikkje reknar med at presidenten vil gå av.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Klimaet i Usbekistan er særs tørt med et kontinentalt preg. Støv er kanskje det mest alvorlege klimatiske problemet i Usbekistan. Kvar vår vert store støvskyer piska opp frå Kara Kumørkenen. Dei kjem ofte i samband med torevêr som gjev lite eller ingen nedbør. Områda rundt dei nordlege fjellsidene, som i Tasjkent, har størst sjans for å få litt snø eller regn. Dei har derimot episodar med fønvind som gjev nokre varmare dagar og ein pause frå kulda som sig sørover frå Russland. Om vinteren kan sjølv dei sentrale ørkenområda få nokre dagar med lett snø og ein god del overskya vêr. Sjølv om det aldri vert lummert er det overraskande mykje fukt i lufta om sommaren, som elles er så godt som utan nedbør. Den relative fukta er låg fordi temperaturen er høg, og enkelte dagar kan det bli opp i 45 °C. Hausten kjem raskt og gjev ei blanding av behaglege temperaturar, mykje sol og lite nedbør.

Gjennomsnittstemperaturen for januar er for store delar -14 °C, men temperaturer under -38 °C er ikkje uvanleg. I store delar av landet er gjennomsnittstemperaturen om sommaren rundt 32 °C, enkelte steder har periodevis over 50 °C. Årleg middelnedbør er 200 mm.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Численность Республики населения по состоянию на 1 июля 2013 года, Государственный комитет Республики Узбекистан по статистике-(vitja 4/11-2013)

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.


Denne spireartikkelen kan utvidast ved hjelp av den utfyllande artikkelen «Usbekistan» på Wikipedia på bokmål/riksmål.