Isomorfi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Isomorfi (gresk isos, lik, og morf, form) er eit omgrep innanfor matematikk som syner til likskapen av to objekt. Omgrepet har ulik tyding i ulike greiner av matematikk.

I lineær algebra er ein lineær transformasjon mellom to vektorrom ein isomorfi viss og berre viss transformasjonen er bijektiv.

I abstrakt algebra er ein isomorfi ei avbilding som er ein bijektiv homomorfi slik at den inverse avbildinga òg er ein homomorfi. I kategoriteori syner ein isomorfi til ein morfi som har eit inverselement.

Relasjonen isomorfi er ein ekvivalensrelasjon.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]