Polydor Records

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Polydor Records

Skipa1913
MorselskapUniversal Music Group, Deutsche Grammophon, PolyGram
DotterselskapFascination
Eigenandel iFiction Records
HovudkontorLondon, USA
LandStorbritannia, Tyskland
Nettstadhttp://www.polydor.co.uk (engelsk)

Polydor (grunnlagd 1924) er eit internasjonalt, opphavleg tysk plateselskap med hovudkvarter i London. Selskapet vart etablert av Deutsche Grammophon i 1924, og retta seg inn mot popmusikk etter den andre verdskrigen (1946). Den britiske avdelinga vart etablert seinare i 1956 og distribuerte The Beatles sine tyske innspelingar med Bert Kaempfert som produsent. I USA vart PolyGram eit resultat av Polydors fusjon med Phonogram Records (i 1972), og tok seinare over Decca og andre merke.

Selskapet hadde òg det samtidige merket Mercury Records for visse typar musikk. PolyGram inngjekk under selskapet Universal Music Group frå 1998, og forsvann frå den amerikanske marknaden. Merket blir framleis nytta i England for britiske artistar som Klaxons, Sophie Ellis-Bextor, Take That og Kaiser Chiefs, og dessutan distribusjon av amerikanske Eminem og Gwen Stefani.

I Noreg hadde Telefunken ansvaret for Polydor i 1930-åra (med mellom anna Ivar Ruste som artist). Seinare følgde Proton. Polydor overtok etikettane Nor-Disc og Karusell frå Arne Bendiksen sitt plateselskap i 1964. Ei rekkje norske artistar har vorte utgjeve på Polydor, mellom andre Åse Kleveland, Per Asplin, The Pussycats, Terje Rypdal, Wenche Myhre, Finn Kalvik, Lillebjørn Nilsen, Jon Arne Corell, Ole Paus, Benny Borg, Åge Aleksandersen, Ketil Bjørnstad, Birgitte Grimstad, Frode Alnæs, og Jan Werner Danielsen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]