Itzhak Perlman

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Itzhak Perlman

Itzhak Perlman i 2007
Fødd31. august 1945 (78 år)
FødestadJaffa
OpphavIsrael, USA
Aktiv1963 til i dag
SjangerKlassisk, jazz, klezmer, barokk
InstrumentFiolin
Kjende instrumentAntonio Stradivari 1714 'Soil'[1]

Guarneri del Gesu 1743 'Sauret'[1]

Carlo Bergonzi 1740 'ex-Kreisler'
PlateselskapDeutsche Grammophon
Verka somDirigent, pedagog, fiolinist
PrisarNational Medal of Arts, Grammy Lifetime Achievement Award, Library of Congress Living Legend, Medal of Liberty, Presidentens fridomsmedalje, Kennedy Center Honors, Grammy Award for Best Instrumental Soloist(s) Performance (with orchestra), Grammy Award for Best Instrumental Soloist Performance (without orchestra), Grammy Award for Best Chamber Music Performance, Grammy, Great Immigrants Award

Itzhak Perlman (fødd 31. august 1945) er ein israelsk-amerikansk fiolinist, dirigent og pedagog. Han har vore ein av dei mest populære fiolinistane i verda på 1900- og 2000-talet.[2]

Berre fire år gammal vart han råka av polio, som førte til at han vart lam i beina, og har måtte nytte krykker resten av livet. Trass i handikappet synte Itzhak seg tidleg som eit stort talent på fiolin. Faren Chaim, ein barberar, såg raskt talentet til sonen og fekk ordna timar for han på Musikkakademiet i Tel Aviv. Kort tid etter heldt Perlman konsertar over heile Israel og fekk mykje merksemd. Den amerikanske talentspeiaden Ed Sullivan fekk vite om Perlman og førte den då 13 år gamle guten til New York City i 1959 for at han skulle spele på showet hans Caravan of Stars.

Perlman og foreldra valde så å busette seg i New York City, der den unge virtuose heldt fram å trekkje til seg merksemd. Han gjekk på Juilliard School of Music, og studerte med Ivan Galamian og Dorothy DeLay. Den offisielle debuten hans kom i 1963 ved Carnegie Hall der han spelte Wieniawski-konserten i fiss-moll og vann Leventritt-konkurransen, der ein av premiane var ein konsert i lag med med New York Philharmonic, som på den tida var leia av Leonard Bernstein.

Etter desse triumfane vart Perlman tilsett hos impresarioen Sol Hurok som sendte han rundt på konsertturnear i USA, Europa, Asia og Israel dei neste åra. Han byrja òg å spele inn musikk i studio med RCA Records og fekk etter kvart kontrakt med EMI, Sony, Teldec og andre. Dei neste tre tiåra spelte han kosnertar av Beethoven, Brahms, Sibelius, Mendelssohn, Berg, Prokofiev, Tsjajkovskij, Dvorak, Paganini og mange andre. I 1966 gifta Perlman seg med Toby Friedlander. Paret budde på Manhattan og fekk fem barn i lag. Perlman arbeidde òg som lærar, frå 1975 ved Brooklyn College.

Perlman vart raskt kjend i 1970-åra med mange framføringar på fjernyn, som barneshowet Sesame Street, The Tonight Show, David Letterman og mange andre. Han har ofte spelt i Det kvite huset i Washington, særleg under Ronald Reagan, som gav han Medal of Liberty. Fram til 1990 hadde Perlman spelte med nesten alle dei store orkestra i verda og mange av dei viktige dirigentane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]