Ivajlo Mladenov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ivajlo Mladenov
Statsborgarskap Bulgaria
Fødd 6. oktober 1973
Vratsa
Idrett friidrett
Yrke friidrettsutøvar

Ivajlo Petkov Mladenov[a] (fødd 6. oktober 1973) er ein bulgarsk tidlegare lengdehoppar som vart europameister i lengdehopp i 1994.

Mladenov var frå Vratsa. Han vart nummer fem i lengdetevlinga under VM i friidrett 1993. På tampen av 1993-sesongen forbetra han den bulgarske lengderekorden til 8,20 m då han vart nummer to i IAAF-finalen i London. Året etter vann han gullmedaljen under friidrett-EM i Helsingfors med eit hopp på 8,09 m, Milan Gombala frå Tsjekkia vart nummer to.

Sin personlege rekord på 8,33 meter oppnådde Mladenov i juni 1995 i Sevilla, framleis gjeldande bulgarsk rekord i lengdehopp. Under verdsmeisterskapen 1995 i august kom han på åttandeplassen i øvinga.

Mladenov vart bulgarsk meister i lengdehopp både i 1993 og 1994. Frå 1996 var han mykje plaga av skadar.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. Bulgarsk skrift Ивайло Петков Младенов

Kjelder[endre | endre wikiteksten]