Ivan I av Russland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ivan I av Russland

RussiskИва́н I Данилович Калита́
Fødd1288
FødestadMoskva
Død31. mars 1340
DødsstadMoskva
GravstadErkeengelkatedralen
Gift medstorfyrstinne Jelena, Ulyana
DynastiRurikslekten
FarDaniel av Moskva
MorAgrippina, Vasilisa of Rostov
BornSimeon av Russland, Ivan II av Moskva, Andrei Ivanovich, Evdokia Ivanovna, Maria Ivanovna, Feodosija Ivanovna

Ivan I av Russland (128831. mars 1340), kjend som Ivan Danilovitsj (son av Daniil) Kalita (pengesekken),[1] var fyrste av Moskva (frå 1325), storfyrste av Vladimir (frå 1328) og son av Daniil Aleksandrovitsj.

Etter at Tver var tapt til Litauen blei khan Muhammad Ozbeg av Den gylne horden avhengig av Ivan som den viktigaste russiske vasallen sin. Ivan var den leiande skatteinnkravjaren til mongolane, noko som ved at han heldt lojaliteten til Horden gjorde både han sjølv og fyrstedømmet Moskva svært rike. Han brukte noko av rikdomen sin til å gje lån til dei russiske fyrstedøma omkring seg. Desse fyrstedøma blei etter kvart stadig meir gjeldstynga, og dette førte til at etterfølgjarane til Ivan kunne annektera dei. Den største suksessen til Ivan var likevel å overtyda khanen i Saraj om at sonen hans skulle etterfølgja han som storfyrste av Vladimir, og frå då av tilhøyrde denne viktige posisjonen nesten alltid det regjerande huset i Moskva.

Ei anna viktig hending under styret hans var at metropolitten for den russisk-ortodokse kyrkja flytta frå Kiev til Moskva.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Imsen, Steinar (23. august 2023). «Ivan 1. Danilovitsj». Store norske leksikon (på norsk).