Ivar Nesheim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Ivar Svensson Nesheim (7. juni 18711939) var ein norsk landbrukskyndig frå Granvin i Hordaland.

Nesheim tok eksamen frå Vinterlandbruksskolen i hovudstaden i 1894 og Noregs landbrukshøgskule i 1896. Deretter var han styrar av fylkes-landbruksskulen Langerak i Bygland frå 1896 og av Telemark landbruksskule frå 1911. I 1918 fekk han stilling som konsulent for landbruksskulane. Frå 1928 til han døydde var han statskonsulent i husdyrbruk. Nesheim skreiv om jordbruk og redigerte, i lag med Sigvald Hasund, Landbruksundervisningen i Norge gjennom 100 år.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]