Ivica Olić
|
| |||
| Personleg informasjon | |||
|---|---|---|---|
| Fødd | 14. september 1979 | ||
| Fødestad | Davor | ||
| Høgd | 182 cm | ||
| Posisjon | Spiss, ving | ||
| Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Wolfsburg | ||
| Nummer | 11 | ||
| Ungdomsklubbar | |||
|
| |||
| Seniorkarriere* | |||
| År | Lag | Kampar (Mål) | |
| 1996-98 1998-2000 2000-01 2001-02 2002-03 2003-07 2007-09 2009- |
|
42 (17) 2 (0) 42 (21) 29 (21) 27 (16) 78 (35) 78 (29) 29 (11) | |
| Landslag | |||
| 2000-01 2002- |
|
6 (2) 70 (14) | |
|
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 28. juni 2010 ‡ Landslagsmål oppdatert 3. september 2010 | |||
Ivica Olić (fødd 14. september 1979 i Davor i Brod-Posavina-provinsen i Kroatia) er ein kroatisk fotballspelar som har spelarfor Wolfsburg i tysk Bundesliga og for det kroatiske fotballandslaget.
Olić har vorte seriemeister seks gonger med fire klubbar i tre land: I Kroatia med NK Zagreb i 2002 og Dinamo Zagreb i 2003, i Russland med CSKA Moskva i 2003, 2005 og 2006 og i Tyskland med Bayern München i 2010. Han vart kåra til årets kroatiske spelar i 2009. I 2007/08-sesongen var han Hamburg sin toppskårar i Bundesliga med 14 seriemål, og i 2013/14-sesongen var han Wolfsburg sin toppskårar i serien.
Olić debuterte for Kroatia sitt A-landslag i 2002 og var med i Kroatia sin tropp til fotball-VM same året, der han spelte to kampar og skåra eitt mål, mot Italia. Han var òg med i fotball-EM i 2004, der han spelte tre kampar, i fotball-VM i 2006 der han spelte to kampar og i fotball-EM i 2008 der han spelte tre kampar og skåra eitt mål, mot Tyskland.