Ivry-sur-Seine
| Ivry-sur-Seine | |
|---|---|
| Land Region Departement |
Frankrike Île-de-France Val-de-Marne |
| Flatevidd | 6,1 km² |
| Flatevidd • By |
6,10 km² |
| Innbyggjarar • By (2005) - folketettleik |
55 900 9 164/km² |
| Koordinatar | 48°48′28″N 02°22′29″E / 48.80778°N 2.37472°E |
| Høgd | 32 m |
| Nettstad: www.ivry94.fr | |
Ivry-sur-Seine er ein kommune i dei søraustlege forstadane til Paris i Frankrike. Han ligg 5,3 km frå Paris sentrum, men har eigen bystatus.
Chinatown i Paris har no spreidd seg til dei nordlege delane av Ivry. Mange oversjøiske kinesiske selskap og varehus for asiatisk mat ligg i Ivry.
Namn
[endre | endre wikiteksten]Opphavleg var Ivry-sur-Seine berre kalla Ivry. Namnet Ivry kjem frå det mellomalderlatinske ordet Ivriacum eller Ibriacum, som kanskje tyder «eigedomen til Eburius», ein gallo-romersk landeigar.
I 1897 vart namnet på kommunen offisielt Ivry-sur-Seine (som tyder «Ivry ved Seinen») for å skilje han frå andre kommunar i Frankrike med namnet Ivry.
Historie
[endre | endre wikiteksten]I 1860 vart byen Paris gjort større ved at nærliggande kommunar vart annektert. Dette førte til at om lag ein tredjedel av Ivry-sur-Seine vart annektert av Paris.
Ivry-sur-Seine er kanskje mest kjend som staden der Jean-Marie Bastien-Thiry vart avretta i mars 1963.
