Magnus Lagabøte

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Magnus Lagabøte

Konge av Noreg
Regjeringstid12631280
Fullt namnMagnus Håkonsson
Fødd1. mai 1238
FødestadTønsberg
Død9. mai 1280
DødsstadBergen
GravstadBergen domkyrkje
Gift medIngeborg Eriksdatter
DynastiSverreætta
FarHåkon IV av Noreg
MorMargrete Skulesdatter
BornEirik II av Noreg, Håkon V av Noreg, Olav Magnusson, Magnus Magnusson
Byste av Magnus Lagabøte.

Magnus Lagabøte (norrønt Magnús lagabœtir) eller Magnus Håkonsson (Magnús Hákonarson) (1. mai 12389. mai 1280) var konge av Noreg frå 1263 til 1280.[1] Han var gift med Ingeborg, dotter av danskekongen Erik Plogpenning. Paret fekk sønene Eirik og Håkon, som begge vart kongar av Noreg.[1]

Magnus var son av Håkon Håkonsson. Kong Håkon la ut på krigstokt mot Skottland sommaren 1263 for å verna Sudrøyane (Hebridane og Man), som var del av Noregsveldet. Felttoget ende utan ei klar avgjerd, men kong Håkon døydde på Orknøyane den 17. desember 1263. Ettersom Magnus allereie var regjerande konge då faren var borte, førte ikkje dødsfallet til noko brot i den politiske kontinuiteten.

Magnus utførte eit stort arbeid for å modernisera lovverket, noko som gav han tilnamnet sitt, Lagabøte (lovforbetraren). Lovarbeidet førte til at Noreg var eit av dei første kongerika i Europa som var samla under ei lov.[2] Magnus var ein av dei første norske kongane som sette eit rekkjetal bak namnet sitt. Han kalla seg «Magnus den fjerde» i latinske dokument, som Bergenstraktaten frå 1273 og Sættargjerden i Tønsberg frå 1277. Det hadde vore fem kongar med namnet «Magnus» før han ifølgje kongesogene, men to av dei var samkongar og førte ikkje dynastiet vidare. Dei vart difor ikkje rekna med i kongerekka på denne tida.

Oppvekst[endre | endre wikiteksten]

Magnus var den yngste sonen til kong Håkon Håkonsson (Hákon Hákonarson) og kona hans Margaret Skuladotter (Margrét Skúladóttir). Han vart fødd i Tunsberg og døypt i mai 1238. Mesteparten av oppveksten var han i Bergen.[3] Soga om Håkon Håkonsson fortel av Magnus heldt ein god tale som femtenåring, og at han fekk sløkka ein brann på eit kongeskip som ung.[3]

Då den eldre broren hans Håkon Unge vart konge saman med far sin under hertug Skule sitt opprør i 1240, vart Magnus hertug. Ifølgje Soga om Håkon Håkonsson var det aktuelt å gje han eit hertugdøme som omfatta ein tredel av landet, men dette vart ikkje endeleg avklart. Det verker likevel som om han styrte over Sørvestlandet. I 1250 var han vitne då kong Håkon skreiv under ein freds- og handelsavtale med Lübeck i Bergen.[3]

Medkonge[endre | endre wikiteksten]

I 1257 døydde Håkon Unge, og Magnus vart tronarving. Same året gav faren han kongsnamn, som han hadde gjort med Håkon Unge før han. Håkon Håkonsson prøvde å finna eit godt gifte til sonen hjå døtrene til kong Abel av Danmark og kong Henrik III av England utan hell.[3] Til slutt vart Magnus gift i Bergen med den danske prinsessa Ingeborg Eriksdotter, dotter til den drepne danske kongen Erik Plogpenning. Ho vart nærmast bortført frå klosteret ho budde i i Danmark, etter at forhandlingar om giftarmålet med den danske kongen hadde gått i stå.

Bryllaupet stod i kongsgarden i Bergen den 11. september 1261. «Steinhallen» eller Håkonshallen stod klar til feiringa, og ekteparet vart krona.[3] Seinare vart kampen for å få Ingeborg si farsarv ei viktig kjelde til konflikt mellom Noreg og Danmark. Magnus og Ingeborg vart krona straks etter bryllaupet, og Magnus fekk Ryfylke å styra over for å få sine eigne inntekter. 16. desember 1263 døydde kong Håkon på Orknøyane under felttoget sitt mot Skottland for å bevara norsk styre over Sudrøyane, og Magnus vart eineherskar i Noreg.

Regjeringstid[endre | endre wikiteksten]

Utanrikspolitikk[endre | endre wikiteksten]

Magnus sitt styre førte med seg ei omlegging frå den noko aggressive utanrikspolitikken til faren. I 1266 inngjekk han Perth-traktaten med skottekongen, der han gav opp norsk styre over Sudrøyane og Man mot ein større sum sølv og ei årleg avgift.[1] Samstundes godtok skottekongen norsk styre over Orknøyane. I 1269 inngjekk han Winchester-traktaten som stadfesta det gode tilhøvet til den engelske kongen, Henrik III. Magnus ser òg ut til å ha eit godt forhold til den svenske kongen Valdemar Birgersson, og i 1260-åra vart den første grenseoppgangen med Sverige gjennomført. Då Valdemar vart avsett av dei to brørne sine og flykta til Noreg i 1275 førte det til at Magnus kalla ut ein leidangsflåte for første og einaste gong. Med ein stor flåte møtte han den nye svenske kongen, Magnus Ladulås ved landsgrensa for å prøva å tvinga fram eit forlik mellom dei to brørne, men utan hell. Magnus Ladulås ville ikkje gi etter for presset, og Magnus Lagabøte trekte seg attende utan krigshandlingar.

Innanrikspolitikk[endre | endre wikiteksten]

Magnus fastset lovane. Illustrasjon frå manuskriptet Codex Hardenbergianus.
Side frå Magnus Lagabøte sin landslov. Eksemplar frå ca. 1590. Med løyve frå Riksarkivet.

Magnus utførte eit stort arbeid for å modernisera lovverket, noko som gav han tilnamnet sitt, Lagabøte (lovforbetraren).[1] Tidleg i regjeringstida modifiserte han dei ulike landskapslovene, før han gjekk til arbeidet med å laga ei felles lov for heile landet. I 1274 var Magnus Lagabøtes landslov – eit felles lovverk for heile landet, inkludert Færøyane og Shetland - ferdig. I 1276 vart denne følgt opp av Magnus Lagabøtes bylov, som inneheldt særskilte føresegner for byane. Ei utgåve av landslova vart og utarbeidd for Island. Ei felles lov for eit heilt land var på denne tida ei nyskaping, som til då berre hadde vorte innført i kongerika Sicilia og Castilla. Landslova slo fast prinsippet om at drap var eit brotsverk mot staten heller enn individet, og avskaffa grunnlaget for blodhemn. Autoriteten til kongen vart styrkt, som grunnlaget for domsmakt. Arvefylgjelova vart slått fast, i tråd med den som Håkon Håkonsson innførte i 1260, ein ektefødd son skulle arva trona. Den kongelege arvefylgja var ei viktig og vanskeleg sak, så seint som i 1240 hadde det vorte ført innbyrdeskrig i Noreg om dette spørsmålet. I 1273 gav Magnus kongsnamn til den eldste sonen sin, Eirik, og hertugtittel til den yngste sonen sin, Håkon. Slik var arvefylgja utvitydig fastlagd.

Sjølv om Magnus var ein personleg svært from og religiøs konge hamna han i konflikt med erkebiskopen, Jon Raude, grunna lovarbeidet sitt. Erkebiskopen gjorde motstand mot kongelege forsøk på å kontroll over kyrkjeretten, og prøvde å bevara kyrkja si makt over kongeval. I 1277 vart det inngått eit forlik, sættargjerda i Tunsberg, som klarla forholdet mellom kyrkja og kongemakta. Kyrkja heldt på ein stor grad av skattefridom og utstrekt fridom i juridiske saker,[1] men gav opp det gamle kravet sitt om at kyrkja var den norske kongen sin føydale overherre.

På det kulturelle feltet vidareførte Magnus faren sitt arbeid med å innføra den høviske hoffkulturen frå kontinentet til Noreg. I 1277 vart dei to høgaste gradane i kongshirda, lendmann og skutilsvein, erstatta av dei felleseuropeiske titlane baron og riddar. Samstundes fekk baronane og riddarane ekstra privilegium, og retten til å verta tiltalt som herre (herra). Magnus er truleg den første norske kongen som brukte eit ordenstal i sin eigen tittel, han kalla seg sjølv Magnus IV (han talde ikkje Magnus Haraldsson og Magnus Blinde). Straks etter at faren var død fekk han islendingen Sturla Þórðarson til å skriva faren sin saga. I 1278 fekk han den same Sturla til å skriva sin eigen saga. Magnus Lagabøtes saga vart dermed den siste av dei norrøne kongesogene, men berre brotstykke er att av han.

Død og ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Våren 1280 vart Magnus sjuk i Bergen, og døydde 9. mai.[3] Han hadde allereie planlagd å få sonen Eirik krona til midtsommars som medkonge, no vart Eirik istaden einekonge, 12 år gamal. Den verkelege makta fall til eit formyndarstyre, der Magnus si dronning, Ingeborg var framtredande. Magnus vart hugsa som ein god konge, som hadde styrt med lov heller enn med makt. Nokre moderne historikarar har sett han som ein veik konge, fordi han gav opp Sudrøyane og Man og var for ettergjevande mot kyrkja sine krav. Andre ser dette som kloke avgjerdsler. Det er høgst tvilsamt om Noreg kunne halda fast ved øyane vest for Skottland dersom skottane først sette inn ressursar på å ta dei, og vidare krigføring ville difor neppe ført fram. Magnus sitt forlik med kyrkja førte til ro innanlands, men kyrkjepolitikken vart kraftig lagt om av formyndarstyret til sonen Eirik, som seinare fekk tilnamnet «Prestehatar». Magnus vart gravlagd i klosterkyrkja til fransiskanarane i Vågsbotn, som sidan 1500-talet har vore Bergen domkyrkje.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Salvesen, Helge (4. februar 2019). «Magnus Lagabøte». Store norske leksikon (på norsk). 
  2. Ole-Albert Rønning (9. november 2017). «Magnus Lagabøtes landslov». 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 Helle, Knut (28. august 2014). «Magnus 6 Håkonsson Lagabøte». Norsk biografisk leksikon (på norsk). 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Magnus Lagabøte