Lagmann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå lovseiemann.

Ein lagmann er ein dommar som er leiar av ei avdeling i ein lagmannsrett. Ein lagmann er som andre fast tilsette dommarar ein embetsmann.

Namnet kjem opphavleg frå gamalt av, då ein lagmann fungerte som ein tillitsmann for bøndene. Lagmannen vart under Kong Sverre gjort om til kongeleg tenestemann, og fungerte i perioden 1274 til 1797 som ein dommar.

Leiaren for lagmannsretten har tittelen førstelagmann. Alle lagmenn må, som høgsterettsdommarar, ha fylt 30 år og avlagt juridisk embetseksamen med «beste karakter» (laud).

Dei vanlege dommarane i lagmannsretten har tittelen lagdommar.

Lagmann blir også brukt om den lagdommaren som er formann i retten under rettsførehavinga, og som mellom anna gir rettsbelæring til lagretten (juryen) før lagretten trekkjer seg tilbake for å avgjere skuldspørsmålet.