Jødisk marathi
Utsjånad

Jødisk marathi eller judeomarathi er ei form av marathi som blir tala av bene Israel, ei jødisk folkegruppe i India. Jødisk marathi skil seg generelt ikkje så mykje ut frå annan marathi at ein reknar det som eit sjølvstendig språk.[1] Det finst likevel fleire døme på jødiske tekstar skrivne på marathi med devanagari eller hebraisk skrift. Til dømes finst det ein Haggada frå 1911 på hebraisk skriven med devanagariskrift,[1] og ei bønebok med instruksjonar på marathi skriven med hebraisk skrift.[2]
I sjølve ordforrådet er det mange lånord frå hebraisk og arameisk og — etter innflytnad frå cochinijødane i Kerala — jødisk malayalam og portugisisk.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Judeo-Marathi» frå Wikipedia på engelsk, den 29. desember 2025.