Jørn Andersen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jørn Andersen
Jørn Andersen 2011.jpg
Statsborgarskap Tyskland, Noreg
Fødd 3. februar 1963
Fredrikstad
Idrett fotball
Yrke fotballspelar, fotballtrenar

Jørn Andersen (fødd 3. februar 1963) er ein tysk fotballtrenar- og spelar. Midtspissen spelte for dei norske idrettslaga Østsiden IL, Fredrikstad Fotballklubb og Vålerenga IF, før han hausten 1985 vart overført til vesttyske FC Nürnberg. Dei neste ti åra spelte han i fem tyske klubbar, der han gjorde mest av seg i nemnde Nürnberg (1985-88) og Eintracht Frankfurt (1988-90, 1991-94). Handballspelaren Bjørg Andersen er mor hans.

Jørn Andersen kjem frå Fredrikstad. Han vart tysk statsborgar i 1993 og sa då frå seg norsk statsborgarskap.[1]

Spelar[endre | endre wikiteksten]

Andersen debuterte i toppserien i 1982 for Fredrikstad, og vart cupmeister med klubben i 1984. Sidan Fredrikstad same sesongen rykte ned i 2. divisjon, melde han føre 1985-sesongen overgong til Vålerenga, der han viste seg den meste målfarlege spissen med sine 23 mål. Ved sesongslutt var han overført til Nürnberg, der vart verande i tre sesongar. Frå 1988 var han i tre år Eintracht Frankfurt-spelar, der i sesongen 1989/90 skåra 18 mål i serien og vart dermed toppskårar i bundesliga, som den aller fyrste utlendingen. Sidan var han innom klubbar som Fortuna Düsseldorf, Hamburger SV, Dynamo Dresden og dei sveitsiske klubbane FC Zürich og FC Lugano, utan å markere seg. Andersen skåra 67 mål i sine 243 kampar i tysk bundesliga.

Andersen debuterte på norske landslaget i 1985, og noterte seg for fem landslagsmål gjennom sine 27 kampar i tida fram mot 1990.

Trenar[endre | endre wikiteksten]

Sidan han la opp i 2001 har Andersen vore trenar for fotballag i Sveits, Tyskland, Hellas og Austerrike. I 2015 vart han tilsett i Austria Salzburg. Frå mai 2016 har Andersen vore landslagstrenar for Nord-Korea.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Noregsmeister: 1984 med Fredrikstad FK

Andersen er tysk statsborgar sidan 1993.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Nils Henrik Smith: «Mannen, myten og måljegaren - eit møte med Jørn Andersen» i Josimar 2015/10:8-23.
  • https://www.nrk.no/ostfold/xl/hvor-ble-det-av-jorn-andersen_-1.12661618