Jørres Hansen
Utsjånad
| Jørres Hansen | |||
| Fødd | 13. april 1811 | ||
|---|---|---|---|
| Død | 21. desember 1870 (59 år) | ||
| Statsborgar av | Noreg | ||
| Yrke | politikar | ||
| Alle verv |
| ||
Jørres Schjelderup Hansen (13. april 1811–21. desember 1870) var ein norsk prest og stortingsmann frå Kongsvinger.
Hansen var son til ein forvaltar, fødd på Østmark ved Kongsvinger Han vart student i 1829 og cand. theol. i 1836. Frå 1840 var han sokneprest i Lebesby, deretter frå 1846 i Nesseby. Perioden 1849-67 var han sokneprest i Ibestad, deretter i Børsa fram til 1870.
Hansen var 4. representant frå Finmarkens amt på Stortinget 1857, omframstortinget 1858 og Stortinget 1859-60. Han var medlem av budsjettkomiteen.
Han døydde på Holm i Aker i desember 1870, same året som han tok avskjed frå prestegjerninga.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914