Jōren-fossen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jōren-fossen
foss
Land  Japan
Del av Kano River, Japan's Top 100 Waterfalls
Kart
Jōren-fossen
34°52′19″N 138°55′20″E / 34.871805555556°N 138.92214444444°E / 34.871805555556; 138.92214444444
Wikimedia Commons: Joren Falls

Jōren-fossen (浄蓮の滝 Jōren-no-taki) er ein foss i Yugashima-distriktet i Izus i Shizuoka-prefekturet i Japan, sentralt på Izu-halvøya i den øvre delen av Kano-elva.[1] Han er 25 meter høg og 7 meter brei.[2] Vitjande kan nå fossen ved å gå ned 200 trappetrinn frå den lokale parkeringsplassen.[2] Før det blei bygd ein sti til fossen i meijitida var han vanskelegare å vitja, og meir sogeomspunnen.[2]

Rundt fossen veks det ein særskild bregneart, Woodwardia unigemmata.[2] Langs elva som fossen er del av blir det dyrka wasabi, som krev mykje reint vatn.[3] Det finst også prisa matfisk i vatnet nedstrøms for fossen, regnbogeaure stillehavslaksen amago (Oncorhynchus masou macrostomus), som ein kan kjøpa og eventuelt grilla på staden. Lokal wasabi blir også selt i form av iskrem, pickles og øl.[2]

Fossen har status som prefekturnaturmonument i Shizuoka. Han blei lista som ein av dei fremste 100 fossane i Japan i ei liste frå Miljødepartementet i Japan frå 1990.[4]

Fossen skal ha namn etter tempelet Joren-ji, som tidlegare låg i nærleiken.[2]

I japansk folklore er Jōren-fossen heimen til jorōgumo, ein edderkopp som kan forvandla seg til ei forførande kvinne.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Geopark, Izu Peninsula. «南から来た火山の贈りもの 伊豆半島ジオパーク» (på japansk). Henta 9. desember 2022. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 «Joren-no-Taki Waterfall - Shizuoka Things To Do & Itineraries | Planetyze», planetyze.com, henta 27. februar 2024 
  3. «Joren Falls», Ikidane Nippon (på engelsk), henta 27. februar 2024 
  4. «Joren Waterfall - A Waterfall, Wasabi, and the Wasp Spider», World of Waterfalls (på engelsk), henta 18. februar 2024 
  5. Reider, Noriko T. (2013). «Tsuchigumo sōshi: The Emergence of a Shape-Shifting Killer Female Spider». Asian Ethnology 72 (1): 55–83. ISSN 1882-6865.