Wasabi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Wasabi
Wasabi
Wasabi
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytina
Orden: Krossblomordenen Brassicales
Familie: Krossblomfamilien Brassicaceae
Stamme: Eutremeae
Slekt: Polarreddikslekta Eutrema
Art: Wasabi E. japonicum
Vitskapleg namn
Eutrema japonicum

Wasabi (Wasabia japonica) er ein plante i krossblomfamilien som blir brukt til krydder, særleg i japansk matlaging. Han stammar frå Japan og Sakhalin-halvøya i Russland. Planten er også kjend som japansk peparrot, og er i slekt med vanleg peparrot, karse og reddik.

Planten er ei urt med tjukk stengel som blir opptil 60 cm høg. Blada er store og breie og blomane er kvite.

Wasabi-pasta.

Wasabi inneheld svovelsamband som gjev ein sterk smak. Ein bruker som regel stengelen, som anten kan raspast fersk eller brukast som tørka pulver. Friske blad kan også etast og har ein liknande krydra smak.

Som krydder blir wasabi mellom anna brukt til sushi. Ein kan også bruka wasabipulver til å dekkja steikte eller rista belgfrukter som blir brukt som snacks.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]