Jaak Uudmäe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jaak Uudmäe
Jaak UudmäeVM.jpg
Fødd 3. september 1954
Tallinn
Yrke friidrettsutøvar

Jaak Uudmäe (fødd 3. september 1954) er ein estisk tidlegare friidrettsutøvar frå Tallinn. Han deltok i tresteghopp som representant for Sovjetunionen.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Uudmäe tok to sølvmedaljar og ein bronsemedalje i trestegtevlingane under europameisterskapane innandørs i tida 1977-80. Under sommar-OL i Moskva i 1980 satsa landslagskollegaen hans, Viktor Sanejev, på å vinne sitt fjerde strake OL-gull i tresteghopp. Finaledagen landa Sanejev på 17,24 m i sitt lengste hopp. Uudmäe gjorde då sitt livs lengste tresteghopp, målt til 17,35 m. Dermed vart han olympisk meister, medan Sanejev fekk sølv, med João Carlos de Oliveira frå Brasil på bronseplass.

Uudmäe vart estisk meister i tresteghopp fem gongar i tida 1976-88.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • OL 1980 i Moskva: Gullmedalje – 17,35 m, framom Viktor Sanejev (17,24 m)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]