Jabal al-Druze

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jabal al-Druze
fjellkjede
Tell Qeni (1803 m) er det høgaste punktet i Jabal al-Druze.
Land  Syria
Guvernement As-Suwayda guvernement
Del av Harrat Ash Shamah
Koordinatar 32°40′N 36°44′E
Kart
Jabal al-Druze
32°40′0″ N 36°43′0″ E
Wikimedia Commons: Jabal ad-Duruz

Jabal al-Druze (arabisk جبل الدروز, Drusarfjella), offisielt Jabal al-Arab (arabisk جبل العرب, Arabarfjellet), er eit vulkanområde sør i Syria, i As-Suwayda guvernement. Dei fleste innbyggjarane i denne regionen er arabiske drusarar i tillegg til eit lite arabisk kristent samfunn. Safaitiske inskripsjonar vart først funne i dette området. Det var ein sjølvstyrt stat i det franske mandatet i Syria frå 1921 til 1936, med same namnet. Tidlegare vart namnet Jabal al-Druze nytta om eit anna område, som ligg i Libanonfjella.

Geologi[endre | endre wikiteksten]

Kart over Jabal al-Druze.

Vulkanfeltet Jabal al-Druze, det sørlegaste i Syria, ligg i Haurun-Druze-platået i det sørvestlege Syria nær grensa til Jordan. Det mest dominareande fjellet i dette vulkanfeltet er det 1800 meter høge Jabal al-Druze (òg kalla Jabal ad Duruz, Djebel Al-Arab, Jabal Druze, Djebel ed Drouz). Det alkaline vulkanfeltet består av ei gruppe av 118 basaltiske vulkanar somavr aktive i nedre pleistocen til holocen. Det store sørvestlege platået er fylt med basaltiske lavastraumar frå vulkanar som strekkj seg frå nordvest til søraust. Dette vulkanfeltet ligg innanfor den nordlege delen av det massive alkaline vulkanfeltet Harrat Ash Shamah (òg kalla Harrat Ash Shaam) som strekkjr seg frå sørlege Syria til Saudi-Arabia.

Fjelltoppar[endre | endre wikiteksten]

  • Tell Qeni (1803) m.
  • Tell Joualine (1732) m.
  • Tell Sleiman (1703) m.
  • Tell Qleib (1698) m.
  • Tell Abou-Hamra (1482) m.
  • Tell El-Ahmar (1452) m.
  • Tell Abed-Mar (1436) m.
  • Tell Khodr-Imtan (1341) m.
  • Tell Azran (1220) m.
  • Tell Shihan (1138) m.

arabisk tyder ordet «tell» «ås» men i Jabal al-Druze, syner «tell» heller til ei vulknakjegle.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]