Jack Rothstein

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jack Rothstein
Fødd1925
Død2001 (76 år)
Instrumentfiolin
Verka somfiolinist, dirigent

Jack Rothstein (19252001)[1] var ein polsk-fødd fiolinist og dirigent, som budde det meste av livet sitt i England.[2]

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Rothstein vart fødd i Warszawa i Polen, og flytta til Mandatområdet Palestina med familien då han var to år gammal. Seinare vart han send for å bu hos tanta si i Kairo i Egypt, og gjekk på ein fransk skule.[2] I løpet av denne tida starta han òg musikkstudiane sine.[3]

Under andre verdskrigen verva Rothstein seg som musikar i British Army og opptredde i Midtausten og Fjernausten. Etter krigen busette Rothstein seg i London.[1][3] Han gifta seg med Linn Hendry.[4]

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

Rothstein studerte ved Guildhall School of Music i byrjinga av 1950-åra,[3] og deltok i meisterklassear med Sascha Lasserson, Leonid Kogan, Felix van Dyl og Henryk Szeryng.[2][3] I Carl Flesch-konkurransen i 1954 vann Rothstein andreprisen.[3].

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Rothstein leidde Yehudi Menuhin sitt Bath Festival Orchestra, Boyd Neel Orchestra og Northern Sinfonia; han leidde òg Academy of St Martin in the Fields. Som dirigent turnerte Rothstein mykje med Johann Strauss Orchestra og sitt eige ensemble Viennese Orchestra of London. I over 20 år var Rothstein òg medlem av London Czech Trio, i tillegg til andre musikkensemble, og opptredde mellom anna på The Dorchester og for BBC.[1][3].

Gjennom heile den profesjonelle karrieren sin opptredde Rothstein òg som solist, og spelte dei fleste kjende fiolinkonsertar med leiande orkester og gav solokonsertar,[2] mellom anna i Royal Festival Hall og Barbican Hall ved fleire høve.[3].

I tillegg til den klassiske musikkarrieren sin spelte Rothstein inn mange bakgrunnsspor for film og TV,[2] inkludert britiske TV-seriar som Birds of a Feather, The House of Elliot, Last of the Summer Wine og Soldier, Soldier.[3] Han spelte òg fiolin på The Beatles-songane «I Am the Walrus» og «Within You Without You».

Han var medlem av The Wombles.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Rothstein spelte inn versjonar av Tsjaikovskij sin Trio i a-moll, Sibelius sin Voces intimae, og strykekvartettar av Nielsen, Grieg og Sibelius. Han gav òg ut ein versjon av Schubert sin Aurekvintett og ei rekkje verk frå wienerklassisismen. Music Trade Association tildelte han to gonger prisar for «Årets orkesterplate».[3].

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Gramophone, Obituaries: Jack Rothstein, February 2002.
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 The Independent, Obituary: Jack Rothstein, 23. november 2001.
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 3,6 3,7 3,8 «Musikars Gallery Tribute - Jack Rothstein fiolinist». www.musiciansgallery.com. Henta 27. september 2019. 
  4. Linn Hendry CV, Londonchambermusic.org.uk, 29. april 2023.