Jackfrukt
Hopp til navigering
Hopp til søk
Jackfrukt | |
Jackfrukt | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Rekkje: | Karplantar Tracheophyta |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytina |
Orden: | Roseordenen Rosales |
Familie: | Morbærfamilien Moraceae |
Stamme: | Artocarpeae |
Slekt: | Artocarpus |
Art: | Jackfrukt A. heterophyllus |
Vitskapleg namn | |
Artocarpus heterophyllus |
Jackfrukt (Artocarpus heterophyllus) er eit frukttre i morbærfamilien som stammar frå Sør-Asia og Søraust-Asia. Treet er tilpassa til tropisk lågland. Frukta er den største frukta frå eit tre i verda.[1] Ei jackfrukt er sjeldan mindre enn 25 cm i diameter. Sjølv eit relativt spinkelt tre med berre 10 cm i diameter kan bera store frukter. Frukta kan vega opp mot 36 kg, og bli opp mot 90 cm lang og ha ein diameter på 50 cm. Dei søte, gule kappene rundt frøa er 3-5 mm tjukke, og har ein smak som kan samanliknast med ananas, sjølv om smaken er mildare og mindre saftig.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Jackfrukt» frå Wikipedia på bokmål, den 30. mars 2020.