Jacob Andreas Michelsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jacob Andreas Michelsen
Fødd 17. august 1821
Bergen
Død

12. oktober 1902
Bergen

Yrke politikar, forretningsdrivande

Jacob Andreas Michelsen (17. august 182112. oktober 1902) var ein norsk handelsmann og politikar frå Bergen. Han var far til Christian Michelsen.

Michelsen var son til ein kjøpmann og dreiv sjølv handel i heimbyen, mellom anna med korn og vin. Han var vedvarande medlem i bystyret 1855-82, ordførar i 1865-66 og på ny 1876-78. I Bergen by elles hadde han ei rad styreverv så som i Bergenske Dampskibsselskap, Selskabet for de norske Fiskeriers Fremme, Det Norske Theater og Det dramatiske selskab, samt avdelingsformann i Selskabet til Videnskabelighedens Fremme.

Både i 1868-69 og treårsbolken 1871-73 var Michelsen ein av Bergens fire stortingsrepresentantar, alle sesjonane som medlem av Protokollkomiteen. I tillegg til stortingsvervet var han medlem i den kongelege skattekommisjonen av 1869, dessutan i den svensk-norske konsulatkomiteen 1875.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]