Jacob Svendsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jacob Svendsen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 2. februar 1823
Død

10. februar 1893 (70 år)

Yrke politikar
Språk norsk

Jacob Svendsen (2. februar 182310. februar 1893) var ein norsk hamnefut og stortingsmann frå Høvåg i Aust-Agder.

Jacob Svendsen var frå garden Holte i Høvåg. Faren var gardbrukar og sjømann. Sonen tok også til som sjømann og tok styrmannseksamen. Han dreiv sjømannsyrket i fleire år, budde fyrste tida på farsgarden før han busette seg i Lillesand og tok til med trelasthandel. I 1859 vart han tilsett som losoldermann og hamnefut i Lillesand, året etter vart han i tillegg innrulleringsbetjent.

Svendsen var medlem av Lillesand bystyre frå 1857 til 1892, 36 samfulle år. Han var også forlikskommissær og hadde mange fleire verv. År 1862-63 var han 3. representant frå Nedenes amtStortinget, møtte også på det overordentlege storting 1864. Ved stortingsvala i 1864 og 1870 nådde han ikkje heilt opp, men var 2. og 1. varamann frå amtet. Perioden 1874-76 var han på ny stortingsmann for amtet. I 1862-63 var han medlem av næringskomite nr 2, medan han i 1874-76 høyrde heime i tollkomiteen.

Han døydde i Lillesand straks etter han hadde runda 70 år.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]