Jacob van Eyck
| Jacob van Eyck | |||
| | |||
| Fødd | kring 1590 | ||
|---|---|---|---|
| Fødestad | Heusden | ||
| Død | 26. mars 1657 | ||
| Dødsstad | Utrecht | ||
| Opphav | Dei sameinte Nederlanda | ||
| Periode | Barokken | ||
| Sjanger | Kammermusikk | ||
| Instrument | Klokkespel, blokkfløyte, orgel | ||
| Verka som | Komponist og musikar | ||
Jacob van Eyck (fødd kring 1590. død 26. mars 1657) var ein nederalandsk adelsmann og musikar. Han er ein av dei best kjende musikarane i Nederland på 1600-talet som klokkespelar, og ein ekspert i klokkestøyping og stemming. I tillegg var han organist, ein blokkfløytevirtuos og komponist
Van Eyck var fødd blind i ein adelsfamilie i den vesle byen Heusden. I 1625 reiste han heimefrå og vart klokkespelar i Domtårnet i Utrecht, i 1628 vart han direktør for klokkespelet i Utrecht. René Descartes, Isaac Beeckman og andre vitskapsmenn hylla kunnskapen hans innan akustikk, klokkestøyping og stemming og klokkespelar kom til Utrecht for å studere hos han.
Jacob van Eyck komponerte Der Fluyten Lust-hof (Fløytas lysthage). Utgåver av dette verket kom ut i 1644, 1646, 1649, 1654 og 1656. Der Fluyten Lust-hof er ei særs omfattande samling med solostykke for sopran blokkfløyte. Stykka er varierte og inneheld folkesongar, dansemelodiar, kyrkjeverk, salmar og songar for dagen. Sjølv i dag er desse forholdsvis utfordrande for ein dyktig blokkfløytist.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Jacob van Eyck» frå Wikipedia på engelsk, den 2. mai 2010.